Hauklia

Vi ser deg einslege gamle gard
du Hauklia oppi åsen.
24.03.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie
Med vide utsyn mot fjell og skar,
- du er nå liksom basen.
Ved haustartider vi lier sjå
med fargar uten like.
Gullglans kring åsen mot fjellets blå,
- det er som eventyrriket.
Og gardens soge er sekels år,
slik står det i gamle skrifter.
Her livde fedrar i ymse kår.
Vi veit at livet det skifter.
Her føddes born av ymse slag, snart vart det gut, snart jente,
så signe då Gud deira dåd og dag
i alt som livet sendte.
I strev og arbeid dei framgang såg,
Gudslånet brukte dei varleg.
Når bekken fløymde, dei mol kvar våg, det dura seint og tidleg.
I sundagsstilla ved andaktsbord
han bestefar var og finne.
Han henta nøre frå livsens ord,
så lydde songen der inne.
Så kom den dagen så lang og tung
dei måtte frå sine fara.
Snart for ein gamal og snart ein ung,
for døden vil ingen spara.
Vi alle står som gras på bø
med blom om sommers tider.
Så kjem den dagen da vi lyd dø,
og hauststorm stryk om lier.
Men sjå kring garden som krans kring brur
står lyngblom liten, men fager.
Han pyntar tuve, han pyntar ur
og veks om jorda er mager.
Og høyr i lia den bjøllelåt, -
som klang i sjølve “Domen”.
Der rauter ku og spring kalven kåt
-
frå livet høyrer du omen.
Så signe Gud vårt kjære land,
kvar gard og lita stove.
Så signe du med di Faderhand
vår mat i bur og låve.
Lat folket, Fader, i sameint hug
få byggja opp frånyom,
få byggja opp att i bøn og dug,
alt godt i grend og byom.
Av Nils O. Lykkja (skrivi 1946)
Hele diktet kan leses i årbok 40, utgitt av Meldal historielag i 1999
Red: Hilde Stina Elshaug