Husmannsguten som vart Eidsvollsmann

 

Av dei 112 "grunnlovsfedrane" på Eidsvoll våren 1814 var over halvparten (57) embetsmenn, 37 bønder, 13 kjøpmenn og 5 bruks- eller godseigarar.


05.10.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Dei var - sjølvsagt - alle menn.

Embetsmennene som med familiane sine representerte om lag 1% av befolkninga, var sterkt overrepresentert i Eidsvoll i forhold til befolkninga generelt, og bøndene underrepresentert. Og t.d. husmenn, tenestefolk, eller lærarar var ikkje representert. gjennomsnittsalderen var 42 år, og i utgangspunktet var aldersgrensa 25 år. Men vi veit at yngste deltakar i Eidsvollsforsamlinga var 17 år. Og vi veit at enkelte av deltakarene hadde ein annan bakgrunn enn den ein kunne få inntrykk av t.d. gjennom bilde og kort omtale.

Blant grunnlovsfedrane var den 47-årige representanten frå Meldal, Anders Rambeck. Han var, i følge den "Allerunderdanigst Adresse" (fullmakt) som prost og sokneprest Jacob von der Lippe Parelius førte penna etter valmøtet i Meldal kyrkje 16. mars 1814 til valmøtet på Melhus for Søndre Trondhjems Amt "Sorenskriveren i Orkedals Fogderie, boende i Meldahls Præstegjæld Hr. Anders Rambech". Om han heiter det i boka frå 1845 av personalhistorikaren Bernt Moe (1814-1850): "Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-repræsentanter og Stortingsmænd i Tidsrommet 1814-1845":

 

Rambech (Anders), født 1767 i Qvikne Prstgld. af fattige Bondeforeldre, Ole Olsen Graneng, der var Pligtsfoged ved Qvikne Kobberværk, og Marit Knudsdatter. Tog 15. April 1793 norsk juridisk Examen med bedste Charakteer. Efterat have været 16 Aar paa Kontoiret hos Sorenskriver Nikolai Christian Krog i Orkedalen, og i de sidste 5 aar, paa Grund af Krogs Svaghed, ene bestyret alle Embedets Forretninger, blev han under 13. Juni 1800 Ridder af Nordstjernen. Var 1814 Medlem af Eidsvolds Rigsforsamling som 2den Repræsentant for Søndre Throndhjems Amt. Stortingsmand for samme Amt 1815, 18, 24, 27 og 28. Præsident i Odelsthinget i de 4 sidstnævnte Aar. Medlem af Stortingets Deputation til Trondhjem 1818. Døde 14. Sept. 1836.

Av Eivind Hasle

Fortsetter neste lørdag. 

Årbok 55. 2014. Meldal Historielag

 

Red: HSE

Annonser


Medlemmer