Kirke, prestar og gudstru

 

Fortsettelse fra "Sosiale forhold i smelteverksindustrien på 1600-tallet"


09.02.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Kirka på Nyplassen kom i same tid som Verkeskirka på Svorkmo, i 1675. Verksfolket gjekk - som andre - regelmessig i kirka, og gjekk to gonger for året til alters. For mange var nok kirkegangen mest til utvortes bruk. Men den ga høve til å demonstrere sin posisjon på stedet. Direktøren og huslyden hans hadde stolar lengst framme i koret. Bak dei fylgde stolar for dei som sto direktøren nærast i rang og verdighet og huslydane deira. Å ha ein stol langt framme i kirka var ein stor ære, og det fanst ein del folk som freista å kjøpa seg stolar langt framme. Preikene inneheldt for det meste formaningar om å være konge, øvrighet og foresatte lydige, framfor alt ikkje innlate seg i "sammenrottelser" eller oppstand. Men preikestolen var ikkje berre staden for moralske påvirkinger, men også for offentlege kunngjeringar. Presten var nok kjent med den forargelse slike publikasjonar kunne gje årsak til for folk nede i stolane, men han var pålagt å lese kongelig forordninger om prisene på transport av malm,kol og ved. Høglytte protester våge vel ingen å komme med i kirka, men nysing, hosting og skraping med føtene ga tilkjenne almuens mishag. Først ute på kirkebakken kunne almuen gi harmen fritt løp.

 

Ferie

Ferie var heller ikkje eit ukjent gode i den tida. Ferien var ikkje lovfesta, men vart etter ei stund hevda, det var til og med fellesferie. Verksarbeidarane hjalp bøndene med slåttonna, det var ei kjærkommen avveksling for verksarbeidarane, og til stor hjelp for bøndene. Men det var kosybart for Verket å stoppe omnene ei veke. Leiinga ville få bort denne ferieveka, men lukkast aldri med dette.

 

Sjuke og fattige

"Alle arbeidere som udi Verkets Tieneste tager Skade, enten udi Gruberne, Hytte, eller andetsteds hvor de ere henviste, skulde udi tvende Maaneder nyde deris fulde Løn og fri Feldtskjær. Skulde skaden icke blive lægt, da skal de med andre syke og gamle efter derom gjort Anmodning maanedlig med noget vist afleggis. De som udi saa maade miste livet, skulde på Verkets Bekostning begraffues"

 

Lovgivning og rettspleie

Lovene var meget strenge etter våre begreper. Det var avhugging av lemmer, eller henging for tjuveri. Verket hadde egen bøddel som hadde følgende tariff:

"For ett Hoved med Sverd at afhugge… 10 rdlr. For ett Hoved med Øks at afhugge… 8 rdlr. For en Haand eller Finger at afhugge 4 rdlr."

Gapestokken vart teken i bruk omkring 1720-1730 åra, likesom ved andre kirker. Verksarbeiderne var eit fredeleg og arbeidssamt folk. Arbeidet var ikkje berre tungt. Det var også svært farefullt. 

Levemåten var spartansk, og arbeidsdagen var 12 timar. Ingenting av dette skapte kåtheit i nokon retning. Noko fengsel synest Verket ikkje å ha hatt før i 1770-80 åra. 

Ein hadde ein sak av noko størrelse i midten av 1740-åra. Ved bergrettens kjennelse ble seks areidere fengslet for koppertjuveri, koppersom dei omsette i Trondheim. For fire av desse lød domen på galgen, og "to skal miste sin hud i fengslet". Tre av dem som skulle henges, søkte Kongen om nåde, mens den eine godtok domen. Fire av arrestantane rømte frå varetektsfengslet  som var eit gamalt stabbur på Svorkmo.

 

Skatter

Verksarbeiarane var fritatt for å betale skatt, men i den store nordiske krigen brukte Kongen så mye penger at han måtte auke skattane, så no slapp ingen unna. Det fører mesta for langt å ramse opp alle skattane her, noko må ein ta med. Deu tyngste var desse:

  • Leilendingsskatt 
  • Proviantskatt
  • Kjolepenger
  • "Noch kjoleskatt"
  • Ledingskatt
  • Engeskatt
  • Arbeidspengeskatt
  • Landskyld
  • Landbehold
  • Forbrukerskatt
  • Forsvarsskatt
  • Kvernskatt
  • Husmannsskatt
  • Hesteutskrivingsskatt
  • Sag- og sagmesterskatt
  • Skoskatt "Af hvert par sko som forarbeides i kjøbstæderne skal det udi dette Aar betales 6 skilling Danske, og av de som forarbeides på Landet 3 skilling"

 

Seinare auka skattetrykket meir i og med at det vart skatt på sine barns informatorar, for ammer, for sin karjol, for firhjulet vogn, for ridehestens stall, for parykk og til og med hårfrisyren.

Folket vart til slutt så utarma at det ikkje var meir å hente for kongen.

 

Utdrag fra "Tale på Nyplassen 17. juni 2001" av Erik Skjølberg.

Fra årbok 42, utgitt av Meldal Historielag i 2001.

Red: HSE

Annonser


Medlemmer