Lærarmøte

Torleiv J. Svinsås og søstera Johanna utanfor postlokalet på Storås

Hos Johanna Svinsås og Torleiv Svinsås hadde eg det svært bra, godt stell og god mat.


22.12.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Eg var ikkje med særleg i det sosiale livet i bygda, men styresmaktene begynte å stille krav til oss. I den samanhengen vart alle lærarane kalla inn til møte på Fossen skole på Storås i regi av Paal Bugen. Av styresmaktene hadde vi fått sendt ut brev som kvar enkelt av oss skulle svare på, men det protesterte vi på. Det vart ikkje mykje diskusjon, for vi følte oss ikkje heilt trygge på alle som var der. Vi visste jo om ein som sympatiserte med dei nazistiske styresmaktene, men han arbeidde på realskolen på Løkken, og vart seinare rektor på Orkdal landsgymnas. Vi visste ellers at lærarorganisasjonane arbeidde med eit felles svar, og vi vart samde om å vente på det.

Til møtet på Fossen skole kom det innbyding til alle lærarane i Meldal frå Ida og Torleiv Groeggen i Laksøybygda om å kome dit for å vere med på skitur oppå Gjemshøgda. det vart ein fin dag på ettervinteren, med litt kaldt ver frå morgonen. På Laksøybygda skole fekk vi først ein kopp kaffe som var ordna av til av lærar Gunnes frå Rennebu, og så gjekk vi til Gjemshøgda, og derifrå rente vi ned til Groeggen. Der vart det storkalas, med mykje god mat. Vi var 20-30 personar, og på Groeggen fekk vi i tillegg til vertsfolket helse på både besteforeldra og borna i huset. Men han som vi visste om som nazusympatisør, kom ikkje, så dermed var stemninga blant lærarane også meir avslappa.

Etter at skoleåret 1940/41 var ferdig, var det stor interesse for at eg skulle fortsette, for han som eg var vikar for, ville ha enda eit år i Oslo med vidareutdanning. Så eg fekk brev frå Paal Bugen. Men då eg gjorde opp rekneskap for året, viste det seg at eg gjekk med underskot. Eg hadde 60 kr. veka, og eit spesielt tillegg på 5 kr. som eg fekk etter ein del masing, og skulle jo betale for kost og losji. Så eg var fast bestemt på ikkje å ta eit år til.

 

Mer fra intervjuet neste lørdag: "Meldal yrkesskule kjem i gang"

Fra årbok 42, utgitt av Meldal historielag i 2001.

Red. HSE

Annonser


Medlemmer