Leteaksjon i Smidalen

 

Den 24. juni 1932 flytta Arnt og Ragnhild Sølberg med barna og kyrne til setra si i Smidalen.

 


01.12.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Der som på andre setre var det en travel dag første dagen. Det er så mykje som skal ordnas før dei kan ta kveld.

Ragnhild var i full sving med å henge ut sengekleda til lufting og gjere reint inne i stuggu. Alle koppar av tre som skal brukes til å ha mjølk, rømme, ost og smør i må bæres ut i bekken og legges i vatn for å trutne (bli tett). Ho må også sjå til at gjørne på trekoppane er i orden.

Arnt ordna med ved, utgard kring husa og og koke- og steikeplass ute. I fjøset må han sjå etter at banda er i orden, bere ut gammeltorva i kubåsane, og stikke ut ny torv til å leggje i båsane. Til slutt ordna han liggeplass til seg sjølv, for det var ikkje plass til alle inne i den vesle seterstuggu.

Gutane Gunnar og Bjarne, var på fisketur nedover småfossane mot Ress-setrene. Jentene Gunda og Reidun leika seg bak stugguveggen. Det var ordna ei leikarstuggu der. Arnt og Ragnhild hadde teke ein kvilestund inne. Det var godt å slappe av litt før kyrne kom for å bli mjølka. Brått kom Gunda inn og ropa “Ho Reidun e bortkomme - e finn itj att ho!”

Foreldra opp og ut, dei ropa Reidun, sprang i skogen kring seterhusa og ropa, men Reidun svara ikkje. Faren, Arnt sprang da til setra vår i Hælet for å få fleire med på leiting.

No skriv eg slik eg husker far fortalde. Det var telefon på setra vår, og far ringte til nabosetrene og sa: “Det e en unge som e bortkomme borti Smidalssetern, kom straks på leiting!” Gustav Stokkli og ein person til som var på seteren vart med Arnt i all hast attende for å bli med på leitinga. Da far var ferdig med telefonarbeidet sprang han etter.

Det kom etterkvart fleire fra nabosetrene og vart med, men da klokka nærma seg sju om kvelden sa far: “No spring e på setra og ringer lensmannen etter hjelp. Du Gustav er trena og lett på fota. Du venter ein halv time her no, så kjem du etter på setra vår og fortel om veitja er funne eller ikkje. Er ho ikkje funne, så lyt du ta på deg å springe imellom meg, der eg sikkert vert sitjande ved telefonen, og dei som leitar ute i marka, for å halde oss orientert utover kvelden.”

Far fikk “tresmak i røven.” Han vart sitjande attmed telefonen. Politi, journalistar, slekt og vener ringde. Telefonen var samanhengende i bruk til langt utpå natta.

Klokka ni morgonen etter kom lensmannsbetjent Jo Grut med sin leitestyrke, ca 70 - 80 stykker. Dei som var på setrene kom og vart med. Jo Grut gav da ordre om korleis dei skulle leite. Dei skulle gå manngard med ikkje meir enn 20 meter mellom kvar. Dei skulle ikkje hue og skrike, men dersom dei fann ho, skulle dei rope og skrike høgt for det tydde at leiteaksjonen var avslutta.

Område etter område vart undersøkt. Det var kaffepauser og tid til å tenkje. Dei tenkte på det som henda på Leka, om ørna som tok barnet der. Mange som gjekk og leita retta blikket mot Gråhåmmårn og Grefstadfjellet g´for å sjå om det var ørn i lufta.

om kvelden i seks - sjutida var det en lengre matpause. da bestemte Jo Grut at dei skulle gå manngard mot bygda, og at dei som var med frå setrene kunne få snu og gå attende når dei var komne til Ryåndsjø-området.

Klokka 10 om kvelden ved Kjeglvatnet fekk Johan Ledal og Endre Jerpstad sjå ho. Kleda hadde ho teke av seg og lagt over hovudet. gleda var stor da dei fekk sjå ho pusta. Dei varskudde nestemann på begge sider av manngarden og sa: “Spring langt fra før de roper og huer, så de ikkje skremer ho”. det var ein kald somarkveld, ein av karane tok av seg kleda på overkroppen, løfta ho opp og la ho inntil kroppen sin og bredde kleda over. Det var viktig å få varme i den vesle kroppen att.

 

Av Arnt Rikstad

Hele historien kan leses i årbok 59, utgitt av Meldal Historielag i 2018.

 

IMG 9197 

Red: HSE

 

Annonser


Medlemmer