Løkken pensjonistforening på tur til Stokkøya

10. august reiste vi «innlandspensjonistene» på tur til kysten. Første stopp var Rein kirke i Rissa, med vandretur til klosterruinane for dei som ville.
16.08.2023 - Rita Smedplass
Kategori: Leserinnlegg, Lag og foreninger

Rein kirke på Rein i Rissa, gjenoppbygd ca. 1930.
Olga Berg, tidlegare leiar i Rissa pensjonistforening og også tidlegare styremedlem i pensjonistforbundet Trøndelag, tok godt i mot oss. Ho tok oss først med ut på kirkebakken, der vi kunne sjå over mot rasområdet frå 1978, og ho fortalde levande og følsomt om korleis ho opplevde raset, som gardfrue på ein gard like ved. Det gjorde inntrykk.
Inne i den vakre Rein kirke fortalde ho den heilt spesielle historia om denne vakre kirka, som vart reist i 1930 med pengar frå forfattaren Johan Bojer, men som var ein heilt tru kopi av gamle Rein kirke. Det var denne gamle kirka Johan Bojer var vaksen opp med og vart konfirmert i, som fosterson på ein gard i Rissa. «Mor» Randi sørgde veldig da den gamle kirka vart rive, og forsterson Johan lova henne at når han vart rik, skulle han reise ei ny kirke, akkurat lik den gamle! Den lovnaden heldt han, og dei var heldige og kunne gjenreise både den gamle altartavla frå ca. 1650 og den gamle døpefonten i nykirka. Og ikkje nok med at Bojer betalte oppføringa av kirka, han etablerte og eit vedlikehaldsfond, og dette fondet har fortsatt pengar til vedlikehald på kirka!

Altertavlen fra gamle Rein kirke.
Og så fortalde ho om Reinsklosteret. Som vart bygd på kongsgarden Rein rundt 1230. Kongar og stormenn som hadde budd på Rein, ein av dei største gardane nordafjells, hadde ho full kontroll på. Reinsklosteret var eit nonnekloster og var i drift til reformasjonen i 1536. Storgarden Rein er fortsatt ein av dei største gardane nordafjells, og er no eigd av 10. generasjon Hornemann.
Det var få som hadde lyst til å gå opp til klosterruinane, og dermed gjekk vi i bussen att og fortsette turen til Råkvåg og Råkvåg gjestgiveri og marina, og til lunsj med aldeles nydeleg karbonadesmørbrød! Vi kunne så gjerne hatt betre tid i maleriske Råkvåg, med bryggene frå sildefiskets storhetstid intakt – ein herleg plass. Men målet var lenger vest, Stokkøya med Strandbaren, og vi måtte vidare.

Lunch i Råkvåg

Råkvåg gjestgiveri og marina.

Hotellet på Stokkøya sjøsenter
Stokkøya sjøsenter er ei spennande reiselivsbedrift med bygningane lagt skjult inn i terrenget og med opne vindusflater mot sjøen. Dette gjeld både hotellet, utleigehytter, glampingtelt og restauranten Strandbaren. Vi inntok middagen, nydeleg svinenakke og bjørnebærostekake, i Strandbaren, med heil glasvegg mot sjøen med ei flott sandstrand. Vi fylte omtrent heile Strandbaren, og andre gjester måtte innta maten utandørs. Ei minnerik oppleving!

Middag på Stokkøya
Heimturen var ein svært så grei busstur, med pause på ferja Brekstad – Valset, og så var vi plutseleg på Løkken att!

Vår hyggelige vitseforteller og bussjåfør Børge Flønes.
Tekst: Mildrid Nesheim
Bilder med tekst: Johanne Grønli.