Meldal yrkesskule kjem i gang

 

Frå hausten 1941 arbeidde eg så på Sørlandet, først ved landbruksskole og så på Froland, på Fylkets Arbeidsskole.


29.12.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Det var strevsomme jobbar, og eg såg ikkje heilt for meg noko framtid der. Eg hadde Lysingsbladet, og der såg eg i 1946 at lærarstilling ved Meldal Yrkesskole vart lyst ut. Så vart det til at eg søkte.

Eg hadde vel fått ein viss status etter året mitt på Storås, og kjente ellers Johan L. Strand, som var formann i styret for den nye skolen og som var svært interessert i den informasjonen eg hadde om slik yrkesopplæring. Så vart eg innstilt som nr. ein.

Det gamle Folkets Hus som skulle nyttast som skolelokale, var herja stygt med av tyskarane. I tillegg var bygningen rotna opp nedanfrå, slik at det vart bestemt at heile huset skulle hevast. Då vi kom her i oktober 1946, var enda ikkje arbeidet med huset ferdig, dei heldt på med å ordne toalett, og inventar og verktøy mangla heilt. Så eg måtte få styret til å bli med på å utsette skolestarten 14 dagar, slik at vi fekk ordna oss. Så da køyrde eg til Trondheim med den gamle Fiat de lux 1926-modell som vi hadde flytta nordover med, på slitte sommerdekk - for å handle utstyr til skolen. Det var jo ikkje så enkelt overalt, lite penger som eg hadde, og utan bevis eller fullmakt frå kommunen. På heimturen oppdaga eg at eg var nesten tom for både bensin og penger, så da brukte eg av frimerke eg hadde for å få nokre få liter ekstra bensin. Og speilblank is var det fleire stader på vegen!

Så kom elevane

Elevane på snekkaravdelinga kom først, og eg trur dei var 10. Mekanikarane som skulle komme, måtte  vente enda litt, for vi måtte starte med å lage til benker både til mekanikarverkstaden og til teorirommet. Snekkarlinja ver ei fast linje, men mekanikarklassa, som Bjarne Kirkhus vart lærar for, var berre mellombels kurs. Så før skoleåret var ferdig, i februar 1947, fekk Kirkhus fast stilling Skjetlein, og vi måtte skaffe ny lærar til mekanikar-klassen. Men utpå hausten var Kirkhus tilbake, i fast stilling. Då var det godkjent i departementet.

Det var ein kommunal yrkesskole, men Verket var svært sentralt med, med god representasjon i styret for skolen, major Jyssum og formann Krogstad. Verket var og svært hjelpsom når vi skulle sette skolebygningen betre i stand m.a. til elektroavdelinga som vi ordna til i kjellaren. Alle materialer fekk vi då frå Verket.

Det gamle Folkets Hus vart ganske innhaldsrikt etter kvart, og mykje arbeid vart gjort med bygningen. Først var det jo løftinga av heile huset, slik at vi fekk bygd under ein skikkelig kjellaretasje. Det var eit storarbeid. Så vart huset panelt og fekk nye vindauge og taket vart reparertVi hadde planar om å legge vindauge i taket slik at vi kunne få lys inn på matsalen, men det vart ikkje. Det var i 1952 vi starta med matservering, som Anna Gangstrø då kom som styrar for.

Skolen starta med ei snakkarklasse i 1946, og same hausten starta vi også ei mekanikarklasse. Mekanikarane skulle jo også ha smiing, så derfor vart det sett i stand ei smie midt i kjellaretasjen. Så vart det spørsmål om elektrofag, og det var då vi fekk så god hjelp av Orkla Grube, fordi den nordenden av underetasjen som vi sette i stand, var i dårlig stand, og måtte isolerast betre. I 1957-58 vart ellers elektroavdelinga flytta bort til gamle Løfshus skole, der vi fekk disponere betre plass også til teorieundervisning..

Men før det hadde vi starta med kurs i kjole- og draktsaum, i 1949. Men då hadde vi ikkje rom, slik at vi leigde rom på Festiviteten. Men på loftet på Folkets Hus, på sørenden, var det ei lita leilighet som vi sette i stand som undervisningslokale. Det var dårlege lokale, som høvde dårleg m.a. for teoriundervisning fordi akustikken var så vond, i tillegg til at romma var kalde.

Skoledagen var lang, frå 8 om morgonen til halv 5 om ettermiddagen, og ein pause midt på dagen. Kroppsøving var ikkje så lett å få til. Vi arrangerte skidag og skøytedag, men ellers vart det lite kroppsøving på skolen dei første åra.

Det å skaffe seg nødvendig utstyr og maskiner i åra like etter krigen var ikkje lett. Men vi heldt oss frampå, og m.a. fekk vi tak i ein del gjennom det militære.

Ein major Røsløkk frå Løkken som heldt til i Trondheim, hjelpte oss første vinteren m.a. til ei Schepping dreiemaskin, diverse boremaskiner og ei stemmaskin for snekkarverkstaden. Kirkhus og eg reiste inn til byen med bil og skulle hente maskinene, men då hadde dei ikkje fått skikkelig beskjed der, så vi måtte reise heim igjen utan maskinene. Så ringte eg til Røsløkk neste morgon, og då ordna alt seg og vi reiste inn igjen neste dag og henta maskinene. Vi var ellers fleire stader og henta oss maskiner, m.a. på Hunton Bruk på Gjøvik og på maskinfabrikken i Volda. Johan Pettersen som dreiv bilverkstad på Løkken, hadde laga ei bandsag som vi kjøpte, ho var nokså enkel og utan noko slags fjøring, og med mange farlege reimer.Vi fekk ei stygg ulykke med ei avrettar, eg trur det var andre året, det var ein vernedel på maskina som sprakk og trefte ein elev i auget.

Men etter kvart som vi fekk fleire maskiner, vart også påkjenninga for strauminntaket stort. Kabelen frå loftet vart heilt varm, så ei tid måtte eg kvar dag før eg gjekk heim, opp på loftet for å sjå om det var varme i veggen.

 

Mer fra intervjuet neste lørdag: "Elevane" "Planar om nybygg" 

 

Fra årbok 42, utgitt av Meldal historielag i 2001.

Red. HSE

Annonser


Medlemmer