Minner frå krigen 9. april 1940

 

9. april i 1940 var eg student ved Landbrukshøgskolen på Ås. 


16.03.2019 - Synnøve Stina Elshaug
Kategori: historie

Om natta 8. og 9. april høyrde vi skyting ute i Oslofjorden, og tidleg på morgonen 9. april vakna vi med at det vart ekstra med støy på internatet, i korridorane og ute på gardsplassen. Eg og fleire med meg kom oss da opp for å undersøka kva dette var for noko. Jau det var sanitetsfolk frå drøbak som heldt på og evakuerte sjuke og gamle folk frå alders og sjukeheimen i Drøbak.

Dei gamle og sjuke skulle koma i sikkerheit til Ås. Det var da skyting frå Oscarsborg festning som ligg i Drøbaksundet. Vi var fleire studentar som gav oss med til Drøbak og skulle hjelpa til med evakueringa. Da vi kom til Drøbak var all skyting innstillt både frå festninga og Blucher. Blucher var ein tysk kryssar som var lasta med soldatar og krigsmateriell. Det var spesialtroppar om bord, som hadde som spesialoppgave å fanga kongen og regjeringa.

Blucher var ein kryssar på 1000 tonn d.w. Blucher var enno flytande, men det steig kolossalt med svart røyk opp frå skipet. Blucher sokk meir og meir ned i sjøen, men så plutseleg vart røyken skåre tvert av som med ein kniv, og Blucher gjekk ned. Det kom ut mange livbåtar, flåter og alt som laust var og kunne flyta. Mange soldatar låg i sjøen, og dei som var svømmedyktige, svømte mot land og berga seg. I ettertid er det opplyst at om lag halvparten av folka om bord berga seg i land.

Vi som var med og skulle evakuere sjuke og gamle returnerte no til Ås og tok kontakt med politimesteren i Follo for å høyra kva vi skulle gjera. Politimesteren visste heller ikkje kva vi skulle gjera, men han sa at vi måtte berre koma oss på eiga hand til dei avdelingar vi høyrde til og var innrullert i. Vi var fleire Trønderar som måtte koma oss nordover til Trøndelag. Eg skulle møte på Kongsgården i Trondheim, men no var Oslo Østbane sperra av Tyskarane.

Vi fekk omsider tak i ein lastebil og sette kursen mot Enebakk og opp til Lillestrøm. Der var det i all hast sett opp eit tog, kombinert gods og persontog, og vi hoppa ombord og toget sette seg i bevegelse nordover. Vi fekk seinare vite et dette var det siste toget som gjekk ut frå Lillestrøm før tyskerne kom og besette stasjonen. Vi kom til Otta seint på natta 9. til 10. april. Toget stoppa der og skulle ikkje lenger, men eit nytt tog kom og vi hoppa ombord på nytt og kom oss over Dovre.

Det som eg minnes best frå oppholdet på Otta var ein liten flokk reisande som var nokså einsarta og såg svært molefonkne ut. Det viste seg at dette var ein liten flokk Stortingsmenn som skulle ta bussen over og heim til Vestlandet. Vi kom da omsider til Trøndelag, og eg tok kontakt med lensmann Grut. Han visste ikkje kva eg skulle gjera, med måtte eg "sjå ti" litegrann for det var ingen vits å reisa inn til Trondheim.

 

Eg var nokre dagar, og bror min, Noralf, kom att frå krigen. Han hadde vore med på vakthald på Berkåk, Ulsberg og Oppdal. Dei norske troppane trekte seg tilbake mot Sunndalen, og der vart dei oppløyste og kvar fekk syta for seg sjølv. Bror Noralf fekk låna seg ski i Storlidalen, og ilag med nokre soldatar frå Orkdal tok dei turen gjennom Trollheimen og heim til Meldal og Orkdal.

Imidlertid hadde Noralf lagt att lommeboka si på ein gard på Rennebuskogen og så ville han eg skulle forsøka å oppspore den og henta ho heim. Eg tok avgårde og fann plassen han fortalte om, og fann og boka. Det var ei kone på ein gard som hadde teke vare på ho. Til min store sorg har eg gløymt namnet på garden eller plassen og kona som hadde vist så stor omtanke.

 

Eg gjekk til Oppdal, og der råka eg ein lastebilsjåfør som hadde vore transportsjåfør for norske tropper oppover Gudbrandsdalen og hamna tilslutt på Oppdal. Denne mannen var enno full av kampiver og ville forøke å koma i kontakt med dei norske troppane som enno var i stridsmessig stand i Østerdalen og i Trysiltraktene. Det var nokre soldatar som enno var i Oppdal, og vi vart enige om at vi skulle slå lag med denne kampvillige sjåføren nedover Gudbrandsdalen, for om mogleg å koma i kontakt med norske troppar eller å koma over til Sverige. Lastebilsjåføren forsøkte å køyra mest mogleg etter bygdeveger og unngå riksvegen, for den var mange plassar sperra av tyske tropper.

 

Alt gjekk bra til vi kom like nord for Hamar. Der måtte han nytta riksvegen eit stykke, og plutseleg dumpa vi på ein tysk patrulje. Der fekk vi ordre om å køyra til Trandum for internering som krigsfangar.

 

På Trandum kom det etter kvart inn ein masse soldatar og sivile som alle vart betrakta som krigsfangar. Vi vart utkommandert på arbeid og eg hamna i landmålartroppen. Det var spørsmål om nokon kunne landmåling, og eg og nokre andre studentar meldte oss på den jobben. her skulle planleggast flyplass. Vi var nokre der da som gjekk med målebånd og teodolitt med ein tysk ingeniør som sjef. Han var lite interessert og lite energisk, vår tyske sjef, slik at den flyplassen vi planla vart nok ikkje godkjent, som vel var.

 

Omsider var det så kykje folk på Tranum at nokre måtte vekk. Det kom rykter om at nokon skulle gjevast fri. Men kven, det var spørsmålet. Det kom rykter om at bønder og landarbeidarar skulle sendast heim for å gjera våronn, og dei skulle koma først ut. Eg skyna at eg som var student hadde lita von om å sleppa fri. Så skulle vi førast inn i manntal med "tysk grundigheit". Her vart oppført namn, alder, bustad osv. Her såg eg ein sjanse, eg kom til skranken og skulle skrivast inn så kom dei til yrke.

Eg gjorde meg truverdig og sa bonde og måtte heim og gjera våronn. Den tyske kommandanten såg på meg, og eg vart målt og veid på alle kantar som der står i Peer Gynt. Tilslutt skreiv han rubrikken Gewerbe (yrke) og i rubrikken Bauer (bonde) og dermed var eg bonde og landarbeidar. Med dette bevis slapp eg ut tidleg. Eg var da ferdig med min ringe innsats under krigen i 1940. At eg seinare kom med i motstandsrørsla er ei anna skål.

 

Av Magne Snoen

Årbok 1991 (32. i rekka). Meldal Historielag

Annonser


Medlemmer