Nærlys på 1814 (del 2)

 

 Det er nyttig om vi utvida "nærlyset" til å få eit glimt av Trondheim og Trøndelag på denne tida.


25.04.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

"Ægte Nordmænd" 

Vi her oppe var berørt på ein heilt spesiell måte av hendingane rundt 1814:

Året før var Trondheims Stift nær ved å bli skilt ut frå resten av landet og overført til Sverige som "krigsbytte". Men svenskene krevde meir, og dermed fall forslaget bort.

Kristian Fredrik hadde i februar 1814 besøkt Trondheim ei vekes tid, og hadde fått ei høg stjerne hos høg og låg. Det var her han første gongen møtte kravet om ei nasjonalforsamling - eit Storting - og bøyde seg for det seinare på Eidsvoll. Vi har altfor lett for å gløyme at den dansk-norske arveprinsen la ut på reisa til gamle Nidaros med ein draum om å få støtte for eit krav om å bli norsk eineveldig konge, inspirert kanskje av sagatida og møtet han skulle ha med "Norges urokkelige ægte Nordmænd", som han var blitt fortalt at han fann i Trøndelag.

Her oppe møttehan ein opinion som gjekk i ein ny og demokratisk retning, og han innretta seg raskt etter den. Meir enn andre stader i landet fekk Kristian Fredrik støtte også frå kjøpmennene og dei fleste embetsmenn, serleg når det gjaldt planene om kamp mot Sverige. Men eintydig var ikkje dette. Mange så redninga nettopp i eit samarbeid med Sverige. Ålbyggen Mons LIe var ein av dei, han vart ein leiar for dei "svenskvenlege". Han hadde arbeidd seg opp frå ingenting til å bli brannsjef i byen. Og livet hadde lært han å sjå realiteter, heiter det. I oppveksten sin i Ålen hadde han opplevd trengslene i Napoleonstida, og korleis småkårsfolk fekk svi under danske pålegg. 

Trondheim By skulle velge eigne utlendinger til Eidsvoll, og kom omsider fram til to relativt "runde" menn: Justitiarius Rogert oggrosserar Peter Schmidt. Begge var rekna for "unionsfolk", og Rogert var med i konstitusjonskomiteen. Han oppnådde å få inn Grunnlova at Trondheim skulle vera kroningsby for dei norske kongane.

 

Skolen i endring.

Den vanlege kvinne og mann merka lite forandring i dei første åra etter 1814.

Med svensk konge heldt armoda fram, folketalet voks sterkt og fann utløp i stadig fleire husmannsplassar, heilt til utvandringa til Amerika sette inn for fullt. Her i Meldal gjorde det ting verre at malmdrifta på Løkken låg nede. Den hadde skaffa arbeid, i en viss grad også inntekter, både til gruvearbeidarrøyrsle som skaffa seg makt og påverknad.

 

Det var likevel ting som varsla om framgang.

At leilendingane kjøpte bruka sine, gjorde bl.a. at dei kunne ta opp lån med pant på garden, det vart råd til betre hus, etter kvart også maskiner og teknikk. I sin tur førte dette til jordskifte der det før var ei tungvint teigblanding. Helsestellet vart betre, folkesjukdomar som koppar og skabb vart utrydda med vaksine, levestandarden auka med 10 år frå 1814 til ut i 1840-åra.

Ei viktig hending var at vi i 1827 fekk ny skolelov, som sa at det i kvart prestegjeld skulle vera minst ein fast skole. I bygda vår var det sterk motstand mot dette, og det tok fem-seks år før vi fekk fastskole, i klokkargarden Grefstad. Storparten av bygda heldt fram med omgangsskolen heilt til landsskolelova kom i 1860, eitpar kretsar enno lenger.

 

Meldalingane var konservative i mesta alt som gjaldt skolen, og sparte på pengar og løyvingar i det lengste. 

Og dei viktigste fag vart som før: Lesing, skriving og religion, med presten som tilsynsmann. men etter kvart som fleire og fleire av lærarane hadde gått på seminar, vart andre fag nærmast smugla inn i undervisninga, før dei fekk plass i lov og regelverk.

 

Fortsetter neste lørdag med "17. mai"

 

 

Av Knut Svinsaas Loe 

Årbok 2014

55. i rekka

Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer