Nærlys på 1814

 

Fra årbok 2014: "Tanken med dette oppsettet er å sjå litt på korleis dei hendingane som vi i år held 200-års markering for, tok seg ut i nærmiljøet vårt."


18.04.2020 - Synnøve Stina Elshaug
Kategori: historie

…Og litt om dei første åra etter 1814. Vi finn mangt som forundrar den som lever i vår tid. Og framfor alt oppdagar vi kor utrulig heldige vi var med fridomsverket. Fleire gonger heldt det på å gå reint gale.

 

Embetsmenn til Eidsvoll

Det første som bør vekke undring når vi ser tilbake etter to hundre år, er at ikkje ei einaste kvinne var funne verdig til å møte på Eidsvoll. Alle dei 112 var menn, unge menn. Om lag halvparten var embetsmenn, ein tredjedel var bønder, og resten var kjøpmenn, handverkarar og liknande. Folk flest utover bygdene var enno lite samfunnsengasjerte. Men siste halvdel av 1700-talet hadde sett i gang ein snunad. Dei fleste bønder hadde vorte sjøleigar på garden sin, skolestellet var i betring slik at stadig fleire kunne lese og skrive, og Haugerørsla vart ei åndeleg vekking som bar bygdemiljøet fram. Dette var og tilfelle i dalføret vårt.

 

Tidlegare sokneprest i Meldal, Peder Berge, skriv slik i bind 1 av Bygdeboka: «Dei (bøndene) tok til å ville ha ei meining sjølve. Ikkje minst merker vi den vaknande åndelege trong, det djerve frimodet beint imot embetsmannen og dei sterke brytningar dette førte med seg i Meldal og andre stader.»

 

I februar 1814 hadde arveprinsen til Danmark-Norge, Kristian Fredrik, sendt ut innkalling til ei såkalla riksforsamling som skulle prøve å gje oss ei grunnlov. Dette fordi vi var komne under svenskekongen, etter ein «hestehandel» under oppgjeret med Napoleon. Utsendingane til Eidsvoll skulle veljast indirekte, av to valgmenn frå kvart kirkesokn. Av dei to valgmenn skulle minst ein vera bonde, heitte det i oppropet frå prinsen. (Og «bonde» var den gongen hannkjønn både i grammatikk og biologi). Den 16. mars, på møte i Meldal kirke, vart sorenskrivar Anders Rambech og bonde Mikkel Bjørset valgt. Dei møtte på Melhus i lag med dei andre valgmenn frå amtet, og tilliten som utsending til Riksforsamlinga fall på Rambech, i lag med Lars Forseth og Jacob Darre frå Klæbu.

 

Sikkert eit fornuftig valg, for Rambech hadde vokst med alle livets krav. Frå ein husmannsplass på Kvikne hadde han kome hit som gjetargut, og vart kontorist hos sorenskrivar Nikolai Christian Krog på Syrstad. Krog såg snart at ungguten hadde gode evner, og hjelpte han til opplæring heilt fram til juridisk embetseksamen. I 1800 vart han sorenskrivar etter Krog. Og etter velgjort arbeid på Eidsvoll, var han med i dei første norske Storting, visstnok i tre periodar.

 

Anders Rambech tilhøyrte sjølstende-gruppa på Eidsvoll, og var nok i små måte representativ for dei som hadde valgt han. Skillet mellom denne gruppa og «unions-mennene» (som var åpne for sams konge med Sverige) er ellers nokså kunstig. Begge ville fram til eit mest mogleg folkestyrt land.

 

Nødsår.

Dei siste åra før 1814 hadde vore vanskelege. Avlingane slo feil – 1812 var beintfram eit uår – og folk flest hadde nok med å berge seg og sine. Det var praktisk uråd å vera borte frå garden på månadsvis, slik oppdraget var denne gongen. Krigen på parti med Napoleon hadde ført til avsperring av alle hamner, slik at kornlager og importvarer var borte.

I Trondheim hadde dette ført til opptøyer og nær sagt okkupasjon av korn- og varelager.

Det var harde tider, og her ligg ein vesentleg årsak til ei noe skeiv samansetning på Eidsvoll.

 

Ein annan årsak var mangel på sjøltillit og på ressursar. Riktignok var mange av «almuen» leseføre. Og slett ikkje ukjent med samfunnsordning, også med ting som gikk for seg ute i Europa. Men dette å skulle delta i utforminga av ei grunnlov – Ein konstitusjon – verka nok overveldande. Best å overlate slikt til prest eller skrivar, dei som var vant med ånd og ide, og som kanskje endatil var velkjent med både fransk revolusjon og amerikansk sjølstendeerklæring.

 

For Bønder og folk flest var ikkje problema over i og med lausrivinga frå Danmark. Eit av dei tyngste misgrep vi som folk var utsett for i den lange unionstida med Danmark, var at kong Frederik 6. i 1807 – riktig nok provosert – slutta seg til Napoleon og dermed var på den tapande sida etter katastrofen i Russland. Norge vart pålagt å ta sin del av store krigserstatningar, og det vart ei tung bør. Oppå det heile hadde kong Frederik brukt det enklaste og simplaste betalingsmidlet som fins for å finansiere krigane, nemleg seddelpressa. Det tok mange år og ein tung sølvskatt å få gjort opp for det heile. 

 

Bøndene melder seg på

Den første perioden da bøndene hadde politisk makt etter at vi var skilt frå Danmark, var 1830-åra. Også denne gongen kom det inspirasjon frå Frankrike, med julirevolusjonen. Den skapte ein radikal vind som også nådde oss. Stemninga vendte seg i serleg grad mot embetsmennene, som ein meinte var for griske og utsugde folket.

 

I nærmiljøet vårt var rindalingen John Neergaard ein av dei ivrigaste. Han vart fleire periodar på Stortinget, og skreiv eit politisk skrift «Ola-boka» (eigentleg tittel: En odelsmanns tanker om Norges nærværende forfatning.). Boka er eit skarpt angrep på embetsmennene, og står i stil med Neergaard sin karakter som «en urolig, steil og kantete person», som Karsten Alnær sier i «Historien om Norge». Venteleg var ikkje John Neergaard skikka som leiar for bondeflokken, og det vart jærbuen Ole Gabriel Ueland som tok over den rollen.

 

Ueland såg verdien i det som embetsmennene i Stortinget og regjeringen hadde oppnådd i dei mange nappetak med svenskekongen, og satsa på samarbeid med dei.. Han gikk i brodden for lokalt sjølstyre i 1836/37, og var aktiv for å få oppheva konventikkelplakaten. Men på andre punkt kunne han vera konservativ. Han var imot å oppheve jødeparagrafen, og stritta imot da straffelovgivinga og fengselsstellet vart gjort meir humant. Likevel sette han sterke spor etter seg ute i bygdene: skole, bibliotek, fattigstell og sparebankar kom på plass og vart lagt under lokal styring. 

 

Etter 1840 skulle det bli ein pause i bonde-dominansen, fram til sist på 1860-talet. Drivkrafta denne gongen var nok nasjonalromantikken, ved sida av den veldige faglege framgangen som på denne tida sette inn i jordbruket.. No i ettertid er det ganske forunderleg – og litt flaut – å sjå kor «den norske odelsbonden» vart dyrka i denne tida. I bøker og i folkeevendyr, i musikken, i kirka sitt liv, i rettsvesenet. – Men no har vi hamna godt forbi 1814, så vi får spole tilbake.  

Fortsetter neste lørdag.

 

903A6A60 01CC 4E79 B776 ECFEE9D6AB26 1 201 a

 

 

Av Knut Svinsaas Loe 

Årbok 2014

55. i rekka

Meldal Historielag

Red: S.S.E.

 

Annonser


Medlemmer