Smågutminne frå ein stor krig (del 2)

Minnesteinen foran kirka over de meldalinger som falt i Nord-Norge, Alfred Harald Holstad og Nils Bjerkan

"Desse aprildagene var det mange som hadde ærend til far min, lensmannen…" 


18.01.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Evakuering

Det vart fortald at det var ein som hadde speintfærr og skulle kjøre i veg og melde bombinga til øvrigheta. Saman med mor og søstrene mine vart eg «evakuert» til slekt i Oppbygda, søstuggun å Resell, og Bjerkteigen. Onkel Anders, som da var lærar ved Grefstad skule, var sjåfør ved dette høvet.
 

Eit minne frå desse dagane oppi Oppbygda: Eg var med onkel Ola Resellom ute på ekra, truleg på møkkjøring, da eit stort tysk fly kom lågt inn over jordene sørafrå. Vi visste at det vart skote frå nokre av dei, så vi søkte ly i eit eldhus, eller var det eit staurskjul attmed der vi var. Flyet gleid forbi, kanskje berre eit par hundre meter unna. Inga skyting. Likevel: Dramatisk og utriveleg - og kanskje litt spennande for ein gutvott.

 
Det vart elles ei stor folkeflytting utover våren 1940. Det var visstnok dei som flytta utpå setrene medan verste uroa sto på. Etter kort tid kom det ein flokk ungar som var evakuert frå dei ustabile tilhøva i byen. Dei vart innkvartert på skulen, og privat. Nokre av dei prøvde å snakke meddaling. Det gjekk så som så. Serleg var det vanskeleg med meddals-i-en, som mange fleire av oss brukte den gongen enn vi gjer i dag.

Hos oss budde ein bygut som var tre fire år eldre enn eg. Seinare fekk vi høre at han hadde meldt seg som frontkjempar og falle under kampane i Karelen. Han vart sytten år.


Etter kvart førte krigen med seg andre former for tilflytting. Fredly ungdomsskule var ei tid i bygda. Det var også ein jenteleir frå Arbeidstenesta, dei fleste etter alt å døme sunnmøringar, for eg hugsar dei song: AT hei - AT hei på dei - jentene fra Ålesund er ute på tvangsarbeid!
 

Mangel på det meste

Da det leid lenger utpå første krigsåret, vart forholda på eit vis meir stabile. Det vart  rasjonering, både på mat og klede. Enkelte matvarer var rasjonert alt før krigen. Knut Wold, seinare heradskasserar, gjorde ein god jobb som sjef på forsyningskontoret i kommunelokalet, der det var fleire tilsette. I same huset som kommunestallen styrde Martin Lilletiset ein bytte- og reparasjonssentral for sko. Dette vart ein svært nyttig institusjon etter kvart som folk sleit ut fottyet. Nytt vart det snart omtrent uråd å oppdrive.

Snart meldte det seg og matmangel, serleg på Løkken. Eg er ikkje sikker på om alle i bygda tok heilt innover seg kor vanskeleg det var for sume.

Eit minne som har bite seg fast: Ein kveld med hålke og striregn banka det på døra heime hos oss i Grenda. Det var ein mann frå Løkken, som hadde lagt i veg på spark, og kome til Oppbygda, der han hadde fått kjøpe eit Norgesglas med mjølk til dei små ungane sine. Han hadde mista glaset, som vart knust på hålka. Vi var vel dei einaste han kjente oppi Grenda, så han var innom og vermde seg ei stund før han fôr heim tomreipes - kanskje fekk han med seg noe. Drygt tri og ei halv mil på spark i øsande regn etter eit par liter mjølk som rann ut.

Heime fekk vi det vi trong, slik eg minnest det. Det var nok litt nøvert med søtsaker, men det tålte vi. Eg hugsar at mor blanda potetmjøl i smøret for å dryge det. Og så var det noko vi kalla «krisekrem».

Ein ting som meldte seg med stor tyngd, var mangelen på tobakk. Derfor var det nokså mange som fekk seg «tobakksplantasjar», og «hemavla» vart eit kjent omgrep. Dette var eit typisk mannsproblem. Eg visste ikkje om kvinner som røykte.

 
Apropos tobakk: Eit stykke uti krigen, da det var mange tyskerar på Løkken, var vi ein uskikkeleg gutegjeng oppi Grenda - eg nemner ikkje namn, dokk vet det sjøl. Ein eller var det fleire av oss greidde å skaffe egg. Da bar det til Løkken for å handle med tyskerane - «kursen» var eitt egg for ein sigarett. Røykinga gjekk for seg i skogen utmed elva frå Voll. Eg har seinare lurt på kva desse tyske sigarettane inneheldt - vi vart så ørin. Kanskje var det mangelen på vane...
 
At det mangla bensin, var sjølvsagt. Eg hugsar i alle fall eitt tilfelle der folk på veg til kyrkja - eg trur det var ein juledag - sat i ein liten personbil med forspent hest. Det såg ut til å gå greitt, om ikkje akkurat for full gass.

 

Liten kontakt

I Grenda såg vi elles ikke så mykje til okkupantane til dagleg, men det var ei gruppe på Segara Berg og ei på Stokkberget. Dei skulle visstnok halde eit auge serleg med flytrafikken. Dei bygde iallfall eit stativ oppimot Haksåsen der dei kunne klive opp og halde utkik. På

Løkken derimot, var det rikeleg med tyskerar under heile krigen.

På eitt tidspunkt må det ha vore nokre soldatar stasjonert også oppi Grenda, for eg hugsar ei gruppe som samla seg oppom vegen ova Tøfthaugen utpå kveldane. Dei satt på grasvollen og song. Eg minnast enno ein tung, melankolsk melodi, som kunne tyde på heimlengt.


Sjokk

Trass i gutenyfikna stod det heile tida klårt at vi hadde med fienden å gjere. Fleire meddalinger var ute i krigen, som ved Gratangen i Troms. To av dei kom ikkje att. Eg hugsar godt det tunge sjokket da det vart kjent at Nils Bjerkan og Alfred Holstad hadde falle. Nils kom frå Åmote. Alfred minnest eg godt. Han gjekk eit snikkarkurs i gammelskulen. Han var ein blidspent kar, ein av det slaget som snakka med ungane.


Seinare kom fleire tap for dagen, og tyngde krigsbøra i bygda. Jon Svinsås og Torger Tokle misste livet siste krigsvåren. Namna til dei falne står på minnesteinen framfor kyrkja.

 

Av Arnulf Grut.

Årbok 51, 2010. Meldal Historielag.

 

81405576 855946924837335 1588175886975238144 n

 

Red: HSE

Annonser


Medlemmer