Smågutminne frå ein stor krig

 

Alle som er gamle nok til å ha minne om krigen, har si eiga historie om korleis dei opplevde det som hende.


11.01.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Mi historie er ein niåring sine inntrykk frå våren 1940 og litt utover. Dei fleste kjem vel i hau si tid som niåring i spreidde glimt, slik det er med meg. Forma på forteljinga må bli deretter.

Dei Første

Dei første tyskerne eg såg, var ei gruppe som stansa ved nyskulen (Grefstad) - altså den raude gammelskolen. Det var svært mykje snø den våren, og nokre av dei baska seg fram på sykkel. Dei hadde provianten - brød, eller soldaterstomp som det vart kalla - på bagasjebæraren. Eg er ikkje sikker på om dei med hestar kom samtidig. I alle fall var det ein soldat som heitte Fritz, som passa ein blakk hest i kommunestallen. Det var tydeleg at han var glad i hesten. Truleg var han ein fredeleg landsens gut som var kasta inn i Hitler-vanvitet.

Det var med ei blanding av nyfikne og frykt vi ungene fekk ein viss kontakt med enkelte av desse unge soldatane. Eg hugsar at ein av dei gav meg pengar og ba meg stikke innom samvirke og kjøpe sigaretter. Som rimeleg var, sa dei at dei ikkje hadde. Da eg kom tilbake med pengane, sa eg til tyskeren: "Haben nicht zigaretten". Lang tid etter fann eg ut at det faktisk var korrekt tysk.

Kaos og forvirring

Noko av det eg hugsar best frå denne første krigsvåren, var den mørke stemninga, uvissa, og ikkje minst kaoset og forvirringa med rykter som gjekk om alt som var - om Kongen og regjeringa, Hambro og Koht, om engelskmennene, om bruer som var sprengt oppi Rennbuom, og om andre ødeleggingar. 

I denne situasjonen var det svært populært med radiosendar vi kalla "Frihetssenderen", som gjekk laus på tyskerane og nazistane. Det var sett opp ein radio oppi gammelskulen, og kallane kosa seg med dei sterke utfalla i høgtalaren. Vi var og nokre gutsekkar som følgde med. Utpå haustparten 1941 måtte alle som ikkje var NS-folk, levere radioane sine. Dei vart lagra i stabbura i "Falstadgarden". Men det var dei i Grenda som "ulovleg" hadde tilgang til radio. Dei lytta på London i løyndom.

Smør og bomber

Eit syn som gjorde inntrykk, var da eg utafor samvirke såg ein tysk soldat som smilande godgjorde seg med ein Stratos, det nye sjokolademerket, med eit tjukt lag smør oppå. I Tyskland hadde dei fettrasjonering, og det vart sagt at fettmangelen gjekk ut over synet, slik at tyskerne var dårlige skarpskyttarar. 

Medan kampane i Sør-Norge varde, var tyske fly jamnt i aksjon. Dei sleppte bomber både oppmed Snoen og etter det eg hørte også ned i Alvadalen. Av og til knitra det av geværskyting i lufta. Eg stod uti hagen ein gong da det hendte. Det første eg tenkte på, var å springe til far. Men så kom eg på at han ikkje kunne gjere noko med dette. Eg tenkte at eg kom til å hugse første gongen eg skjønte at han ikkje var allmektig, og det slår altså til no sytti år seinare.

Forts. neste lørdag.

Av Arnulf Grut.

Årbok 51, 2010. Meldal Historielag.

Red: HSE

Annonser


Medlemmer