Sosiale forhold i smelteverksindustrien på 1600-tallet

Erik Skjølber på Nyplassen 17. juni 2001

Tale på stevne på Nyplassen juni 2001.


02.02.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Søren Kierkegaard, ein dansk teologisk filosof sa: Livet må leves forlengs, men forstås baklengs.

Eg skal prøve å ta dokk med på ei reise bakover i tid, til 1600-talet og framover. Kanskje kan det hjelpe oss til å forstå litt av framtida vår.

I 1657 vart smeltehytta på Svorkmo reist for å smelte ut kopparmalmen som var teke ut av gruva på Løkken. Men etter at Høydalsgruva vart åpna rundt 1664, vart kapasiteten for liten på Malmplassen, og det blei da bygd ei ny smeltehytte på Grusæter i Sæterdalen i samme størrelse som hytta på Svorkmo. Dei hadde begge tre smelteomnar, haugrøsting, hjulstuer og provianthus. Her på Nyplassen kan ein ennå sjå tuftene etter desse anlegga. I tillegg kan ein sjå mange tufter etter husa som arbeidarane budde i, ja enkelte hus er restaurert og påbygd så ein får ei godt bilde av forholda slik folk levde på den tida. Ein har også klart for seg kor kirka stod, det var her på denne plassen som vi i dag er samla på.

Hus og heim

Stugguene var små og inneheld ei daglegstuggu og eit kammers i første høgda og to loftsrom i andre høgda. Her var det lågare under taket enn i første høgda. I stuggu var det ei grue som var einaste varmekjelda og kokemuligheita i huset. Her koka dei maten sin som for det meste var graut koka av byggmjøl og vatten, og så drakk dei surmjølk. Dette var også nistematen til dei som arbeidde på Verket, eller i smeltehytta.

Dei åt nok også noko fisk som dei fanga i elva. Kjøttmat av eigen produksjon var nok mest til helgebruk. Reinhaldet og vaskinga vart nok gjort til helgane. Da bruka dei lut av bjørkeoske og så sandskura dei golvet og strødde med nyhakka einerbar, og det lukta friskt og godt i stuggu. Bading og kroppsvask var nok ikkje oftare enn kvar fjortande dag og vart gjort i ein trestamp som var egna til det bruket. Dei bruka heimkoka såpe både på kroppen og og hårvask, dei hadde ikkje hårshampoo eller parfyme av noko slag.

Skole - barn og ungdom

Verket var forplikta til å bygge skole både på Grusæter og på Svorkmo etter konsesjonsvedtaket for gruvedrifta. Skolen på Nyplassen vart nok bygd etter 1672, men før 1684. Mest truleg vart skulen starta opp samtidig som det vart ordinær gudstjeneste på Nyplassen, rundt 1680. Det var viktig for Verket at dei fekk i gang skole , for lese- og skrivekunnskapene var heller dårleg blant folk flest. Verket trong til kvar tid lese- og skrivekunnige folk til drifta. Etter kvart vart det stilt krav for dem som skulle arbeide på Verket at dei hadde "den nødvendige kunnskap udi katekismen." Likeeins "kunde ingen stedes til nattverd som ikke hadde fattet børnelærdommen".  Ein fekk også ein "videregåande skole". Men denne skolen var for de kondisjonerte der de fikk lært latin, rekning og geografi. "Børn af almuen der viser stor flid og orden", fekk også plass, men for desse kosta det eit lass ved for vinteren. Dette var vel ikkje så enkelt da Verket hadde hand om all skogen i området, så det var ikkje sikkert at veden var ærlig tilkommet - men ærleg fortent!

Ungane måtte nok vera med i dei daglege gjeremåla på det vesle bruket, med vassbæring og barnepass. Det var mykkje å henga fingrane i for husmora med stell av hus og krøtter, spinning, strikking, veving - og sying og vøling av både arbeids- og helgeplagga. Symaskin var ikkje oppfunnen enno. Ein del ongar var nok med på Verket, vi kjenner eit uttrykk frå Røros som tyder på det. "Vaskarryss" som arbeidde i Vaskeriet, var gutar som ikkje var konfirmert, og konfirmant vart dei ikkje før i 17-18 årsalderen. Arbeidet på Verket var tungt og slitsomt og farefullt. Dei hadde tolv timars skift, og omnane måtte helst vera i drift heile døgnet. Det var nok ikkje så mange femminutt å få, og når dei kom heim, var vøling og smøring av fottøy viktige gjøremål

 

Av Erik Skjølberg

Resten av talen kommer neste lørdag. 

Fra årbok 42, utgitt av Meldal Historielag i 2001

 

Red: HSE 

Annonser


Medlemmer