Spreidde Meldals-glimt frå "unionsåret" 1905 (del 2)

 

Det ser ut til at det kommunale livet i Meldal i dette nasjonale året gjekk sin vante gang,


19.09.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Akkurat i 1905 ser det ut til å ha vore visse omkalfatringar, skal ein døme etter et usignert oppsett i Orkdølen 14. januar. Nokre utdrag: "De fleste gamle styremedlemmer maatte vige. Kun nogle faa var saa lykkelige at faa slaa lag med folkets nye tillitsmænd.

Men hvor saa ikke disse lykkelige efterpaa ulykkelige og forpjuskede ud! Havde man før været ordfører, var man blit viceordfører, havde man været formand var man blit formandssuppleant, var man blit gemæn representant!"

I artikkelen blir det det peika på eit viktig unntak: "Det var et af de gamle medlemmer, som ogsaa blev forfremmet - ble gjort til ordfører!"

 

Frå herredstyret finn vi ellers regelmessig referat, det vil seie sitat frå møteprotokollen frå og med mai.

 

Det ser ut til å ha vore misnøye med informasjonen frå kommunalt hald - 29. april har "Meldalsborger" eit innlegg i Orkdølen under overskrifta "Hvad udretter Meldal herredsstyre"? med ei heller kvass purring på slike referat: "Udrettes der intet, i det nye styre, som begyndte sin virksomhed ifra sidste nytaar, eller behandler de bygdenes offentlige sager, med en saadan storartet fuldkommenhed at det ikke kan sømme sig at sende referater deraf til Orkdølen"s apalter, saa bygdens menige borgere kan faa anledning til at se det?"

 

Etter dette kom referata, og her er nokre spreidde saker utover året:

 

I juni slo herredsstyret fast at det var krinsens eiga sak å velja vegline og halde vedlike den nye vegstrekninga mellom allfarvegen og den nye brua ved Å.

I juli låg det føre melding frå lensmann Staveli om at han har "skilt sig med sin hund. I skrivelsen oversendtes kommunekassereren". Og kommunekassereren var Ola Tøfte, som var poståpnar i Midtbygda. I dettemøtet vart det også meldt at "Meldal brandassuranseselsab for huse" hadde gitt eit rentefritt lån på 2400 kroner til nytt kyrkjeorgel. Herredsstyret takka, og sette kyrkjesongar Grefstad, Ole L. Syrstad og S.R Dombu til å syte for at orglet kom på plass. 

I desember slutta kommunestyret seg samrøystes til eit skriv frå dr. Støren, der Stortinget vert bede om å vedta at Dovrebanen skulle leggjast etter alternativet "ned gjennom Orklas dalføre".

Også arbeidet i skulestyret fekk omtale i lokalavisa:

I januar vedtok skulestyret plan frå "byggekomiteen for flytning av Øverøiens skolehus" til ny tomt på Å.

I september vart det vedteke eit skulebudsjett "med samlet udgift kr. 4 600". Det vart også vedteke å halde eit framhaldsskolekurs til vinteren, og skulestyret ville snarest råd få flytta det nemnde skulebygget.

I november vart det bestemt kvar skulestuggu på Å skulle stå, og korleis ho skulle vere. Dette innebar ei samanslåing av Stene og Øverøien skulekrinsar. 

I desember vedtok herredsstyret å sette bort flytting og nyoppbygging av Øverøien skulehus til John Snoensdal og John Aspli for 2 700 kroner.

 

Lag og lyd

"Orkdølen" for 1905 hadde og nokre få glimt frå organisasjonslivet i Meldal, som sikkert har vore mykje meir aktivt enn det som går fram av lokalavisa. Mellom anna veit vi at det var eit visst musikkliv og eit rikt religiøst liv i bygda. Her er det enkelte utdrag av referata:

 

"Paa tur til Meldalsskogen"

I februar hadde Orkdølen eit stykke av O. L. Solem, som einfest i fråhaldslaget "Fremad" - Meldalssongen, den 14. februar. "For at komme dit i betimelig tid maatte jeg reise hjemmefra fredag med "Orkla". (Det går ikkje frem kvar referenten kom frå, men det var truleg Trondheim). Paa Orkedalsøren mødte Tore Taagvold med hesteskyss, og i smældende frost og fint føre kjørte vi omtrent 26 km, saa raskt, at der blev nogle timers hvile, før vi skulde begynde festen, der feiredes i lagets nye lokale "Skogheim" - som for anledningen var pyntet med kranse og flag og tog sig i enhver henseende ypperlig ud. Omkring 100 deltagere indfandt sig til festen; lagets formand hr. Aasløk ønskede forsamlingen velkommen". Formannen markerte at laget runda ti år, og nemnde her spesielt stiftaren, lærar S. Bogevold. Den som likevel "lengst og mest" hadde arbeidd for laget var Ole E. Haugen, "som fremdeles med varme omfatter sagen". Laget fekk fjorten nye medlemmer under dette møtet.

Søndag var det "et almindelig opbyggelsesmøde"… "

Mandag morgen skydset ole Haugen mig til orkedalsøren, og kl. 4 1/2 var hjemme igjen," skriv Solem, som takkar for seg i varme ordelag.

 

Fest

Orkdølen, 1. april 1905: "Sidstleden søndagskveld holdt Meldal venstre-forening en hyggelig fest for O. Steien, der ved nytaar avtraadte som ordfører. Festen var besøgt af vel 100 mennesker, hvoriblandt kvinderne var i sørgelig minoritet.

Klokker Grefstad holdt talen for hedersgjæsten. Steien har med 2 aars afbrydelse, da han var ordfører i fattigkommisjon, været formandskabsmedlem siden 1872, altsaa i 30 aar"

det var spleisa på ei gåve til steien - ein amerikansk gyngestol og ei sølvbeslått merskumpipe "til en værdi af tilsammen kr. 56,00."

 

Misjonsjubileum

Søndag 15. oktober var det femtiårsfeiring i Ljosheim for "kvindeforeningernes hedningemisjonssamarbeid i bygden". Det var stort frammøte, og "gamle Erik Mælen indledede med bøn".  Av referatet går det fram at dette arbeidet kom i gang ved at prestedotra Margrethe Parelius hausten 1855 oppsøkte Erik Mælen og ba om husrom til eit møte ein gong i månaden. Erik og søstera Johanna brann for dette arbeidet, og møta vart haldne der i fleire år. frk. Parelius ordna med sal av handarbeida som vart laga.

 

Kvam kontrolforening

afholdt sit første aarsmøde - i forbindelse med en "budeiefest" paa Kvam meieri den 3dje dennes (november)…" Nytt styremedlem, som også vart formann, vart O. J. Kvam. Han tok over etter A. E. Syrstad.

 

Ut av unionen

det ser ikkje ut til at unionsopløysinga førte til den store skrivekløa hos meddalingane, i alla fall ikkje skal ein døme etter spaltene i "Orkdølen". 

Derimot sto det fleire artiklar av kjente folk utanfrå.

Men likevel - framfor folkerøystinga 13.august om oppløysing av unionen, tok lokalbladet slik til ordet på leiarplass:

 

"Alle maa møte og avgive stemme den 13. august. Svensken tror ikke, at vi nordmænd samstemte holder med vort storthing i 7de junibeslutningen. Nu gjælder det at vise, at vi staar absolut enige i vort store selvstendighetskrav."

I denne første folkerøystinga var meddalinane samrøystes - ingen stemte nei, og av dei 646 røysteføre leverte 500 ja-røyster. Det var samrøystes nei også i mange andre kommunar, men i Selbu var det ein "unionist", og på Byneset heile to. Til og med i Trondheim, der 6075 stemte ja, var det berre tri som ville halde på unionen. I heile landet var det berre 184, medan 368 392 stemte nei.

"Orkdølen" kommenterte resultatet i Orkdal, Meldal, Rennebu og Oppdal, der det til saman var ei nei-røyst: "Det kunde det ha vore det same um. Det skulde vore berre ja-ar frå Orkdølafylket."

 

Utfallet av forhandlingane i Karlstad vekte inga begeistring hos den unge bladmannen på Svorkmo. På leiarplass 30. september sto det mellom anna: "Nei, udfaldet av forhandlingerne i Karlstad er ikke til å juble over. Tvert imod, det norska folk bøier hovedet med blygsel mot jorden ved tanken paa resultatet av forhandlingerne. Vi har lidt et nederlag."

På denne tida var det berre menn over 25 år som hadde røysterett, men også kvinnene gjorde sitt syn gjeldande på andre måtar. Dei sto minst like støtt på sjølvstendelina.

 

Kongevenleg i Meldal

I folkeavstemninga den 12. november 1905, der folket vart spurde om dei ville ha republikk, eller kongedøme, vann kongedømet med 343 mot 95 i Meldal. Det ser ut til at meddalingane var adskillig mer kongevenlege enn folket i grannebygdene - i Orkdal var dei tilvarande tala 679 og 262. Og i Rennebu 180 mot 124. Likevel var heller ikke rennbyggen så republikanske som rørosingane, der det var eit klart fleirtal for republikken - 600 mot 282

 

Ved Arnulf Grut

 

Årbok 46, 2005. Meldal Historielag.

Red: HSE

Annonser


Medlemmer