Spreidde Meldals-glimt frå "unionsåret" 1905

 

Vil ein få inntrykk av korleis folkelivet og samfunnslivet var i Meldal det året unionen med svenskane vart oppløyst, må ein i dag ty til skriftlege kjelder, som det fins flere av.


12.09.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Ei slik kjelde er lokalavisa på desse kantar på den tida. Det var "Orkdølen - einaste lokalblad i Orkdølafylket".

Bladet kom laurdagane, og gjekk i sin femtande årgang. Redaktør var K. M. Elda, den vidgjetne læraren og bladmannen på Svorkmo. Han gav seinare ut fleire blad, til dømes "Orkmannen", som mange av oss gamle hugsar.

"Orkdølen" var ikkje så sterkt prega av den originale stilen, og ein må vel og kunne seie dei originale meiningane, som denne merkelege mannen seinere målbar.

Det var ikke så mye av det ein kan kalle aktiv journalistikk i "Orkdølen". Det meste var kommentarer henta utanfrå, men også lokalstoff, gjerne i form av innsende møtereferat og sitat frå protokollar.

 

Stoff frå Meldal

Det var tydeleg at bladstyraren også tok sikte på å dekkje Meldal. Både kommunestyret - som da vart kalla herredsstyret - og skulestyret fekk på trykk det dei stelte med, men sakene vart sjeldan eller aldri kommentert i avisa, bortsett frå eit og anna lesarinnlegg. Heller ikkje ordskiftet på "grasrota", som sikkert følgde mange av sakene, er nemnd.

Det Meldals-stoffet eg har funne i 1905-årgangen av "Orkdølen", gir nok soleis berre eit tilfeldig inntrykk av det som gjekk for seg i bygda for hundre år sia. Stort sett er det meir eller mindre lausrivne notisar, som kanskje likevel i sum fortel litt om det folk var opptatt av og snakka om.

 

Amerikabrev

På denne tida spela Amerika ei stor rolle, både i livet, og kanskje like mye i fantasien til mange her i landet. Meddalingane vart sikkert ikkje noe unntak. Det er derfor ikkje overaskande å finne livsteikn frå Amerika, også i "Orkdølen":

I februar trykte bladet eit brev fra meldalingene Ole O. Storaas, som hadde slege seg ned i Portland, Nord-Dakota. Han fortalde at dei fleste der på traktene var norske. For det meste dyrkar dei korn. "Af kreatur er ikke meget, da vinteren er for streng. Vi har nu haft fra 35 til 40 graders kulde, og det blaaser fra Nord-Vest uavladelig, saa det er ganske trist her ude paa de nøgne sletter om vinteren."

 

Hest

Fleire meddalinger dreiv med tråvkjøring på denne tida, og hestehaldet hadde mange sider. I mai finn vi ein annonse frå Meldal hesteselskab: "Hingst Engersvarten er stationert hos Rasmus Vold paa Muan. Springpenge, der maa erlegge forud, er: For medlemmer, naar aktierne er betalt, kr. 10,00. Ikkemedlemmer kr. 15,00. Eiere af halvaktier faar halv moderasjon. Ubetalt aktiekapital maa indbetales snarest til kassereren, S. R. Dombu, eller til Rasmus Vold."

Same månad vedtok herredstyret med 11 mot 9 røyster at ein skulle ha 7 centimeters hjulfelgbreidd., gardskjøring unnteke. Mindretalet meinte det fekk greie seg med 6,5 centimeter. To månadar seinare kom saka opp at, og da vart 7 centimeter vedtatt mot ei røyst - det var ein av kommunekallane som meinte ein ikkje trong føresegner om dette.

I juni vart det meldt i herredstyret at minimunshøgd for hestar som skulle stille for feltbruk, skulle vere 152 centimeter for ridehestar og 149 for trekkhestar.

 

Molteår

Det ser ut til å ha vore eit bra molteår også for 100 år sia. Den 5. august kan ein lese: "I Grefstadfjellet var det 200 molteleitararfyrresundagen, er det sagt, og ellest etter heile dalen drog folk aat marken med koppar og kjerald." Dette tydar vel på at moltesesongen var noko tidlegare enn det vi er vant med i dag?

 

Endre Jerpstad på turné

Den 4. november finn vi denne notisen: "Endre Jerpstad er i Nord- og Sunnfjord paa upplesnad i denne tid. "Fjordenes Blad" skriv at Jerpstad er ein gild upplesar og bladet sterer folk til aa ganga og høyra paa han."

 

Utstilling

Den 25. november heldt Meldal sogneselskab si første utstilling av "jordbrugs- og havedyrkingsprodukter". Utstillinga av hageprodukter var "rent for tynd", men av bra kvalitet. Korn og grasfrø fekk rosande omtale, og 1. premie for bygg gjekk til A. Syrstad, Kvam og S. R. Dombu. Førstepremien for havre gjekk til Johan Snoen, for grasfrø til J. E. Grefstad, poteter R. S. Dombu og E. E. Syrstad for Magnum Bonum. Turnips 1. premie A. E. Syrstad Kvam. Gulerødder: Ole Syrstadgjerdet.

 

Tankelesar i bygda

Den 9. desember blir det meldt at "tankelesar Knutsen" var i Orkdal. "Fraa Meldalen, der han hev havt fleire førestillingar, høyrer me at det skal vera overmaate interessant aa sjaa, kor han kan greia dei vandaste prøvor. Det er reint raadlaust aa dølja noko for han."

 

Ved Arnulf Grut

 

Fortsetter neste uke

Årbok 46, 2005. Meldal Historielag.

Red: HSE

Annonser


Medlemmer