To markante embetsmenn

 

"Anders Rambech - husmannsguten som vart Eidsvollsmann". Del 3


19.10.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Rundt 1800 hadde Meldal to markante embetsmenn, presten Jacob von der Lippe Parelius (1744-1827) og sorenskrivar Anders Rambech.

 

Presten var bygut og handelsborgarson frå Trondheim, med dårlegaste karakter til teologisk embetseksamen. Han var sokneprest i Meldal 1793- 1818, og var ein markant opplysningsprest som m.a. var ein foregangsmann både når det gjaldt jordbruk, hagebruk og skole. Men han synest å ha vore mindre interessert i det åndelege livet, og ser ut til å ha vore ein heller stridbar person, som m.a. låg i konflikt med haugianarane.

Sjølv om Anders Rambech hadde ei dårlegare utgangspunkt og altså var noko yngre enn Parelius, tyder alt på at han vart "sosialisert" til å bli ein dyktig og medviten embetsmann og representant for embetsmannsklassen. Men samtidig er det sagt at han aldri gløymde utgangspunktet sitt, både geografisk og sosialt. Det kan ein sjå ved at han var opptatt av utviklinga av gruvesamfunnet på Kvikne. Koppargruva vart offisielt nedlagt i 1812, men dreiv vidare ei tid. Rambech hjelpte fattigfolk i fødebygda si då koppargruvene stengde. Han skal ha vore ein fredsæl mann som vart avhalden i alle samfunnsklasser og knapt hadde ein einaste uven.

Samtidig er det likevel kjent at prost Parelius og sorenskrivar Rambech hadde fleire samanstøytar. Bygdeboka nemner m.a. striden om plasseringa av ny bru over Orkla, der Rambech ville ha brua ved Messøra, der ho no ligg, medan Parelius ville ha brua ved Solemsmoen. Like eins var det strid mellom dei om Klokkargarden, då halvparten av han skulle seljast. Bygdeboka antydar at "desse to plent laut vere imot kvarandre."

På Eidsvoll

Utsendingane til Eidsvoll vart valde i to omgangar. Først var det val i kyrkje-sokna av to valmenn. Frå Meldal vart valmøtet halde 16. mars 1814. Valmennene skulle så møte på valmøte før amtet. Det vart gjennomført på Melhus 28. mars. På valmøtet i Meldal vart sorenskriver Anders Rambech og bonde Mikkel Rasmussen Bjørset valde. Og på amtsmøtet, som skulle velje tre personar, vart følgjande valde:

Klokker - Dannebrogsmand Lars Forseth

Sorenskriver - Anders Rambech

Sognepræst - Jacob H. Darre

 

Korleis Rambech kom seg til Eidsvoll er usikkert, men medrepresentant Darre frå Klæbu skreiv dagbok og brukte ni dagar på vegen frå Klæbu til Eidsvoll. Om innkvarteringa fortel han følgjande:

Fredag, den 8de April vare samtlige Debuterede ankommet og anviste af Inqvarterings-forstanderen deres Herberger paa de omliggende Gaarde, 1/4, 1/2 til 1 Miils Distance fra Forsamlingsstedet, Eidsvolds Værk og Kammer-herre Carsten Ankers Gaard. Garden Heiret blev søndre Trondhjems Amt Deputerende anviist, omtrent 1/2 Miil fra Værket, efterat man havde protesteret imod det ved Ankomsten den 7de anviste Qvarter paa Gaarden Gruve, paa østre Siden af Vomen, 1 Miil fra det daglige Forsamlingssted, hvortil Veien var næsten ufremkommelig og Herberget usundt og elendigt, Fra det gruelige Grue droge vi bort den 8de til ovenmelde Gaard, hvor vi forfandt smukke Værelser, anstendig Leie, blide Folk og god Opvartning hos Bondemanden Hans Iversen Heiret.

 

I retningslinjene frå regenten, Kristian Fredrik, var det sagt at ein av utsendingane skulle vere bonde. Lars Forseth var bonde fra Klæbu, men det er altså ikkje nemnt i den adressen amtmann Fredrik Trampe etter møtet skreiv til "Deres Kongelige Høyhed Prinds-Regenten! Naadigste Prinds! Stormæktigste Herre!".

Det ser ikkje ut til at Anders Rambech markerte seg særleg sterkt på Eidsvoll.

Han stemte saman med sjølvstendepartiet under forhandlingane, og gjekk inn for å oppløyse forsamlinga når Grunnlova vart vedtatt og kongevalet gjennomført. 17. mai 1814 heldt han ifølgje lokalhistoriewiki "et kraftfullt innlegg der han gikk inn for å gjennomføre kongevalget den dagen. Ellers tok han sjelden ordet under forhandlingene."

Henrik Wergeland omtaler han som "ein sindig, men dog varmtfølende Patriot." Og han vart ikkje valt til utsending til det "overordentlige" Stortinget som skulle få til avtalen med svenskane hausten 1814.

 

 

Av Eivind Hasle 

Fortsetter neste lørdag

Årbok 55, 2014. Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer