Ulberget G. nr. 92 b.nr.3

Thommy Gustavsson har måla eit uvanleg vakkert bilete av den gamle husmannsplassen slik den ligg i skogen på austsida av Orkla

Da Historielaget fekk ta over eiendomen Ulberget frå Meldal kommune i 1978, skreiv Ola Grefstad i Årboka for same året:


16.02.2019 - Synnøve Stina Elshaug
Kategori: historie

«Meldal Historielag har vorte «husmann». Dette skjedde i 1978 da Historielaget kjøpte Ulberget, som frå først på 1700-talet til 1923 var husmannsplass under Sørgard Rikstad.

På Ulberget har det budd ei arbeidssam og gåverik ætt, som ut frå lite har bygd plassen opp til ein velstandsheim og eit særsyn mellom husmannsplassar. Her var alt av hus og reiskap for å gjera seg «sjølbert», mellom anna smie, eldhus og basstu. På eigendomen er det og ei linkjelde der dei «fådde» (bløtte) linet, og som var dyrka på plassen. Og her er reiskapen for tilbereiing av linet, og lange lindukarsom viser kor høg kvalitet den kvinnelige husfliden hadde. Fleire av karane var dugande bygdesnikkarar, dagelegstugguloftet vitnar om det. Her er høvelbenkar, dreiestol, og alle slags jarn og høvlar greit ordna på hyllar langs veggene. Attåt sjølve jordbruket må daglegstugguloftet har betydd mykje for økonomien.

Det primære eksistensgrunnlaget er den i alt 12 mål store «håggån» som ieigendomen dannar i furuskogen. Det var av stor verdi at Historielaget fekk kjøpa denne plassen intakt»

Så langt Årboka frå 1978.
Ulberget har etter dette fått ein sentral plass i arbeidet åt Meldal Historielag. Innbu er registrert, hus har fått nye tak og er sett i stand, alt velordna til kvar tid. Æra for det har nok i stor grad Johanna og Arnt Rikstad som har lagt ned eit stort arbeid.
Plassen ligg i dag som ein idyll i skogen. Men den har også mange minne om at det har vore tunge tag for dei som arbeidde og bygde den opp og som fann si næring og sitt utkome her gjennom vel 250 år.

 

Årbok 39, 1998. Meldal Historielag.

 

 

Annonser


Medlemmer