Under eit Velsigna åk

1. Så fekk vi vår plass og vårt yrke
på ein teig av Meldals jord.
Han skulle vi verne og dyrke
om ikkje han var så stor.
23.02.2019 - Synnøve Stina Elshaug
Kategori: historie
2. Så fekk vi vår plass under åket
med ryggtak kvar ein dag,
i kvardagslivet og ståket
med plikter av ymse slag
3. Vi fekk inga hjelp – investering,
på «bidrag» vi aldri flaut.
Sjå tæringlaut stå til næring,
og hjelpa oss sjølv vi laut.
4. Og busserull – overallen
vart uniforma ferm.
Og sveittedropen i skallen
eg tørka med lortut erm.
5. Og ho i fjøs og stova
fekk mangt eit føtt å trø.
Ho mangt eit vott-par tova
og baka tusen brød.
6. Ved dagens slutt
vi gjekk frå det tunge lass,
men kvila var god under felden
på den mjuke fjærmadrass.
7. Og svevnen tok snart sitt feste
ja, utan tablett ein gong.
Ved solrenning dagen den neste
vi vakna med arbeidstrong.
8. Det alltid var slitet som venta
mann og kona og taus.
Guten og framvekstrings-jenta
vart aldri arbeidslaus.
9. Jau-visst vart vi lei av ståket,
vår netto gav magre tall,
men overlys fall over åket
når vi såg det som lagnadskall.
10. Ja, helse og tru var vårt vergje,
inga bankbok valde oss sut.
Vi seier til slutt med Terje:
«...så får du ha takk da Gud...»
11. Så gjorde det godt å kvila
i pensjons-service-år
med borna går andre mila -
i velferdstaten vår.
Av Martin Foss
Foto: Anne Marie Øklend med riva. Borghild Staveli på hesten og den ene av karene er Ola Muan. Bildet tilhører Ola Edvart Staveli og er publisert i facebooksiden "Historiske bilder fra Meldal".
Årbok 1991 (32. i rekka) Meldal Historielag
Red: SSE