Under eit Velsigna åk

Høykjøring på Systoengom.

1.   Så fekk vi vår plass og vårt yrke
      på ein teig av Meldals jord.
      Han skulle vi verne og dyrke
      om ikkje han var så stor.


23.02.2019 - Synnøve Stina Elshaug
Kategori: historie

2.   Så fekk vi vår plass under åket
      med ryggtak kvar ein dag,
      i kvardagslivet og ståket
      med plikter av ymse slag

3.   Vi fekk inga hjelp – investering,
      på «bidrag» vi aldri flaut.
      Sjå tæringlaut stå til næring,
      og hjelpa oss sjølv vi laut.

4.   Og busserull – overallen
      vart uniforma ferm.
      Og sveittedropen i skallen
      eg tørka med lortut erm.

5.   Og ho i fjøs og stova
      fekk mangt eit føtt å trø.
      Ho mangt eit vott-par tova
      og baka tusen brød.

6.   Ved dagens slutt
      vi gjekk frå det tunge lass,
      men kvila var god under felden
      på den mjuke fjærmadrass.

7.   Og svevnen tok snart sitt feste
      ja, utan tablett ein gong.
      Ved solrenning dagen den neste
      vi vakna med arbeidstrong.

8.   Det alltid var slitet som venta
      mann og kona og taus.
      Guten og framvekstrings-jenta
      vart aldri arbeidslaus.

9.   Jau-visst vart vi lei av ståket,
      vår netto gav magre tall,
      men overlys fall over åket
      når vi såg det som lagnadskall.

10. Ja, helse og tru var vårt vergje,
      inga bankbok valde oss sut.
      Vi seier til slutt med Terje:
      «...så får du ha takk da Gud...»

11. Så gjorde det godt å kvila
      i pensjons-service-år
      med borna går andre mila -
      i velferdstaten vår.

       Av Martin Foss

             

Foto: Anne Marie Øklend med riva. Borghild Staveli på hesten og den ene av karene er Ola Muan. Bildet tilhører Ola Edvart Staveli og er publisert i facebooksiden "Historiske bilder fra Meldal".

Årbok 1991 (32. i rekka) Meldal Historielag 

Red: SSE

Annonser


Medlemmer