Vårt møte med Meldal og Løkken

På ski ved Resheim

Intervju med Åse Gullvåg Hasle og Ingvar Hasle


08.12.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

I 2001 var det 55 år sidan Meldal Yrkesskole starta opp, som den første vidaregåande skolen i Trøndelag utanfor Trondheim som gav yrkesfagleg opplæring. Samtidig var det 60 år sidan Ingvar Hasle (IH) og Åse Gullvåg Hasle (ÅGH) hadde sine første møte med den kommunen og det lokalsamfunnet som dei kom til å ha livsgjerninga si i.

Påskeferie ved Resvatnet 1941

ÅGH: “Mitt første møte med Meldal var i påska 1941. påska var i byrjinga av april. Det var mykje styr for at eg i det heile skulle få løyve til å reise frå Asker, der eg budde. Først fekk eg avslag. Så måtte eg inn til Oslo like før påske og sto i lang kø der, før eg endeleg fekk reiseløyve. Eg ringde så til Ingvar. Det var 1. april. Denne dagen hadde elevane som han hadde på snekkarkurs på Storås, alt narra han aprilsnarr med falsk telefonbeskjed, så då eg ringde, nekta han først å gå opp dit han budde, for å ta mot telefonen.

Eg hugsar frå togturen oppover Gudbrandsdalen, det var svært mykje tyskarar på toget. Eg kom til Berkåk, og der kom Ingvar, og vi måtte overnatte på ein gard før vi kunne ta buss nedover dalen neste morgon.

Ingvar hadde bestilt plass for oss på lærar Eggens hytte “Resheim” ved Resvatnet. Han tok mot påskegjester. Eg hadde jo nesten ikkje gått på ski før, og utstyret var heller ikkje mykje å skryte av. Men verst var turen frå Storås til Midtbygda, og så turen innover frå Å in mot Resvatnet. Eg fekk etterkvart stygge gnagsår av dei heimestrikka strømpene og dei gamle beksaumskoa - så begge hælane vart heilt hudlause heile påska. Dei som budde på hytta, var drevne skilauparar, så det var reine torturen for meg berre å komme meg opp og ned den vesle bakken ved hytta med alle tilskodarane. På hytta var det godt matstell til å vere i krigsåra. Ellers hugsar eg mest dei bratte bakkane ned til Å igjen på heimturen!

Så vart eg også med til Storås og budde hos Johanna Svinsås, der Ingvar hadde hybel. Eg fekk helse på Torleiv Svinsås, som var funksjonshemma og som ho stelte for. Han var ein svært interessant person å prate med.

Når eg skulle reise igjen, tok vi buss, og da kom vi til Bjørnli og ned bakkane til Løkken. Det var i medten av april, og temmelig grått og mørkt, og med mykje grå og svart snø, og eg tenkte at på ein slik trøsteslaus og inneklemt plass kunne eg aldri tenke meg å bu…

 

fullsizeoutput 4dd8

 

Fra årbok 42, utgitt av Meldal Historielag i 2001.

Mer fra intervjuet neste lørdag.

 

Red: HSE

 

Annonser


Medlemmer