Våttåstuggu som no er atterreist på den gamle våttåstaden - Loskammen i Meldal (del 2)

 

Avskrift fra ei skrivebok som ligg i skulearkivet i Meldal kommune med tittelen "Beretning om Våttåstuggu" ved O. E. Sundli. 


16.11.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

I 1937 vart det ved eit høve tent veter på mange fjelltoppar rundt i Trøndelagsbygdene. Det var bondeorganisasjonen som stod for dette for å sjå korleis eit slikt signalsystem frå gamal tid hadde verka. På Loskammen vart det og tent vete den gongen, og foredrag vart helde av major Jyssum. Mykje folk var samla der oppe, og det var alvor under samkoma. 

No vart det enno ein gong nemnt at det skulle vært reist ein minnestein på toppen der.

Men så kom krigen i 1940, og det vart andre tider og andre ting å tenkje på, men likevel vart ikkje saka gløymt heilt, og når tida laga seg, skulle steinen opp.

Den 15. juli 1945 var minnesteinen på plass. Det var Ole Sliper frå Løkken som tok på seg arbeidet med å steinen på plass og hogge inn dei vakre orda av Sivle på steinen og fjellet attmed.

No vart det heldestemne for avduking av steinen. Mykje folk var samla, og høyskolestyrar Holdhus heldt eit framifrå foredrag og sette folkemugen i feststemning. Alle var glade over at det no verkeleg var gjort noko for å markere den gamle vetestaden, der vaktsame augo så mang ein dag og natt - i storm og stille hadde heldt vakt om bygda og landet vårt.

Krig, okkupasjon og framanvelde hadde lært folket at fridom og sjølvstyre var det beste - og noko å samla seg om og ofre seg for.

Og soga syner oss at folk gjennom tidene har kjempa og ofra det beste dei visste for å få denne fridomen. Både i by og land er reist og reises minnesmerker om fedres kamp og strid. 

Her på Loskammen var det i gamal tid vete som brann når fienden var i vente og bygda og landet i fåre.

Herifrå - den vakraste utsynsstaden i heile bygda - kunne ein sjå vetelogen både frå aust og og vest, nord og sør, og sende baua vidare ved å tende veten samstundes med at hærpil vart senda frå gard til gard.

Dette var no den gamle tids måte å samle folket på til vern om sitt dyraste eige. Andre tider - og andre måter, men vi vil tru at etterskekta gjer vel i å minnast forfedrane og deira kamp og strid ved å reise minner - anten det no er i stein, eller på andre måtar.

Segn og soge kan fortelja at det her på Loskammen stod ei lita stove til bruk for dei som heldt vakt ved veten. Denne stova skal etter det folk veit å fortelja, vere riven i 1859-60-åra og frakta heim til Størko Steien som da tenkte å nytta ho til smie på garden. Men det er vel mest truleg at dei gamle spikstokkane gjekk opp i røyk på peisen i lange vinterkveldar.

No er det ikkje lenger bruk for korkje vete, eller vaktstove, og å halda ved like eit slikt hus som minne om gamle dagar, var det ingen som tenkte på den gongen. Men om huset vart borte, kunne ein likevel peike ut staden der det hadde stått, sjøl om tomta var overvaksen av mose og lyng. Under avdukingshøgtida for vetesteinen var det nokon som slo fram på om at den gamle vaktstuggu skulle vore oppattbygd - rekonstruert - slik at folket no kunne sjå korleis ei slik vaktstuggu ved veten hadde sett ut. Denne tanken fekk med ein gong studnad, og det vart sett i gang innsamling med tanke på å få rekonstruert ei vaktstuggu på den gamle tomta. 

Det vart set ned ei nemnd til å arbeide med saka, og desse vart vald: 

Verksarbeidar Johan Røttereng

Bonde Ola Monset

Lærar O. E. Sundli

Denne nemnda har vore saman fleire gongar for å samtale om korleis ein skulle få tak i høveleg byggetilfang, og vidare om korleis ein skulle skaffe dei midlar som måtte til for å få huset reist. Likeens har nemnda konferert med Fortidsminneforeningens  formann hr. konservator Pettersen, Trondheim og arkitekt Petter Helland Hansen, Bergen om bygningsmåter og byggetilfang for slike vakthus.

Frå Petter Helland-Hansen fekk nemnda utlånt teikningar av slike vakthus på Vestlandet. Teikningane var i forvaring på Bergen Museum.

For å skaffe dei pengar som måtte til, vart nemnda samd om å søke Orkla Grube A/B om bidrag og fekk der kr. 500,00.

Av Løkken Kino fekk vi på søknad kr. 700,00, og dessutan er det innsamla ca. kr. 300,00. 

Samla byggesum ca. kr. 1.500,00.

Nemnda gjekk så i gang med å planlegge arbeidet.

 

Fortsetter neste lørdag.

Årbok 51, 2010. Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer