Våttåstuggu som no er atterreist på den gamle våttåstaden - Loskammen i Meldal (del 3)

 

Å bygge huset av nytt tømmer fann vi straks ikkje ville høve når det "nye" skulle avbilde eit gamalt.


23.11.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Tenkte så å finne gaddstokkar  frå fjell-liene og bygge av slike, men det støtte på store vanskar. Til sist kom vi over ei solbrent gamal høyhullu i Loslette. 

Denne fann vi kunne nyttast og kjøpte ho for kr. 100,00. Fekk så tri tømmerkarar, Einar og Olav Drugli og Johan E. Røttereng til å hogge opp stuggu på uttuft der i Loslette, men slik dei novene som kunne brukast, vart nytta slik dei var før, og utan å økse, eller "såre" stokkane på noko vis der det kunne unngås.

No var denne høyhullu noko for stor og måtte stuttast saman og soleis måtte nye nover hoggast, men alt vart så skjønnsamt gjort, at nemnda er godt nøgd med arbeidet.

Ole Sliper tok på seg å avdekke tomta der den gamle vaktstuggu hadde stått. Nede i jorda fann han restar av syllstokkane av gammelstuggu. Ein bite av desse er sendt til Meldal museum og eit par andre bitar er opphengt i vaktstuggu. Restane av syllstokkane og utgraving ellers synte at vaktstuggu hadde vore 3,2 meter lang, eller godt og vel 5x4 alen, og desse måla er omlag dei same som måla ein har fått oppgjeve for slike vakthus andre stader i landet.

Ved utgraving av tomta synte det seg at det hadde vore ein eldstad, eller grue i hjørnet mot nord da ein fann stein, leire og kol.

Den gamle stuggu hadde stått på marka utan fundamentering. Dette fann vi måtte gjerast på ein annan måte no, for å hindre at stuggu skulle råtna og ta skade med fukt på botnen. Det vart derfor grave ei fundamenteringsgrøft om lag halv meter djup, heilt ned på fjellet. Denne grøfta vart fylt med pukkstein, og på denne er lagt ein låg krans av stein - som no er ein slags grunnmur. Alt tomte- og muringsarbeid er gjort av Ole Sliper.

Frå Chr. Thams, Storbuan fekk vi en slump med bak som vart nytta til reistro på stuggu. Pløgdtro og papp vart kjøpt av Orkla A/B. No vart det spørsmål om korleis ein skulle få dette byggematerialet opp på tomta der huset skulle stå - veglaust og bratt som det er. 

Vi vart samde om å freista be saman  folk til dugnadskjøring. Og sjøl om det vart i travlaste slåttonna, møtte dei villig opp for å hjelpe til med å få materialene opp.

Torsdagskvelden, den 11/7 1947 kl. 6 møtte 5 karar med hestar opp ved Langkloppbrua for å ta opp det byggetilfanget som skulle opp frå den kant. Veglaust og bratt som det er, vart det ein hard strid før ein vann seg til topps, men vanskane måtte vike for vilje og pågangsmot. Og etter 1 og 1/2 times bask og strev var vi på toppen med materialene.

Frå Losgrenda møtte same kveld fem karar og ei kvinne - alle med hestar - for å køyra opp med tømret til stuggu. Myrane var blaute og lassa tunge, men fram kom dei.

Dei som var med og køyrde og tok tunge tak den kvelden var desse:

Frå Meldalsskogen: E. E. Steien, Jon Steien, Ingolf Røttereng, Ola Snuruås og Gerhard Lillemo.

Frå Losgrenda møtte: Tora Loslette, Ola Monset, Torgeir Loe, Ola J. Lo, Nils Lettingvoll fra Utstuggu Loe og Martin Slettvoll, dreng på Rye.

Etter at alt byggematerialet var kome på toppen, vart det traktera med vørterøl, brus og småbrød. Det regna og blas kaldt den kvelden, så ingen vart heftande lenger enn som trongs.

Ein bør merke seg at den eine kvinna som vart med i kjøringa, greidde lassa likeså godt som karane, og som var den første som kom til topps med tømmerlasset sitt.

Godt gjort! 

 

Fortsetter neste lørdag.

Årbok 51, 2010. Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer