Våttåstuggu som no er atterreist på den gamle våttåstaden - Loskammen i Meldal (del 4)

 

Fredag den 16.06.1947 tok karane til med å føre opp stuggu oppe på fjelltoppen, og den 19.07.1947 sto ho i ferdig stand på på den gamle vetestaden.


30.11.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Ole Sliper mura ein liten peis av stein som han fann på staden, og som bildemateriell vart bruka leire og litt cement.

Onsdagskvelden den 06.08 var nemnda og nokre karar til samla ved våttåstuggu for å gjera rydningsdona. Dei som var med i dette, utanom nemnda var desse: Ole Sliper, Johan Lyngen, Kalle Wold, Knut Blokkum, Jon Langås og Jon Kirkholt.

Sume raka og rydda tomta, andfre beisa og tjurrubreidde stuggu ute og inne. Da alt arbeidet var fråseggjort, reiste vi stonga og heiste flagget.

Flaggstongstativet er arbeidd av Johan Lyngen. Stonga er gjeven av Orkla Grube A/B, og flagg har Løkken Koop. Selskap gjeve tilsagn om.

Sundag den 10.08.1947 vart det halde stemne ved den nyreiste våttåstuggu på Loskammen. Ein triveleg dag, under solblank himmel. Visst var det varmt i bjørkelia og ein bakke til gards, men mellom 150 og 200 mennesker hadde funne vegen opp for å vera med på den sjeldne avdukingshøgtida.

Stemna tok til med "Ja, vi elsker". Stemneleidaren, lærar Sundli ynskja velkomen og ga ei utgreiing om korleis det bar til at det vart gjort noko med å få reist dette minne. Ga så ordet til Johan Røttereng som greidde ut om innsamling av pengane som måtte til og bygginga av huset. Til slutt takka han alle som på ein, eller annan måte hadde hjelpt til for å få minnesmerket reist. Han leverte så stuggu til Meldal kommune og ba om at det måtte bli vakta og verna om minnet.

Ordfører Togstad takka for gåva og for vel utført arbeid og lova at det skulle bli vakta og verna om dette minne tillike med andre kulturminne i bygda. Han lova vidare at det skulle bli valgt ei nemnd til å føra tilsyn med Våttåstuggu.

Song: "At far min kunne gjera". 

Deretter vart lese ein prolog som var skriven for høvet. Så heldt statsarkivar Anders Todal eit framifrå foredrag om veter og vakthus ved veten og bruken av desse.

Song: "Gud signe vårt dyre fedreland". 

 

 

I våttåstuggunemnda Johan Røttereng (sign.) O. E. Sundli (sign.) Ola Monset (sign)

 

 

IMG 0154

 

 

Denne prologen skriven av E. E. Steigen vart lesen på stemna:

 

Høgt opp ifrå dalen på høgaste tind

til minne om fedrane merke du finn.

Og merke skal standa og vitne om han

som vakta ved varde, var tru mot sitt land

 

Han sveik ikkje landet, men sto her på vakt,

den næraste varde hans årvåka batt.

Og såg han det lyse frå veten i sør, 

frå gruva i hytta han straks henta glør.

 

Så lyste han veten på denne vår tind

og spreidde sitt bodskap med blodraude skinn.

Og straks etter lyste frå veten i nord, 

dei såleis fekk bau over land og om fjord.

 

 

IMG 0129

 

  

Hele prologen kan leses i årbok 51, 2010. Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer