Våttåstuggu som no er atterreist på den gamle våttåstaden - Loskammen i Meldal

 

Avskrift fra ei skrivebok som ligg i skulearkivet i Meldalkommune med tittelen "Beretning om Våttåstuggu" ved O. E. Sundli. 

 


09.11.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Folk som ferdast omkring i skog og mark for å sjå og nyte naturen, vil snart finne ut at Loskammen er ein av dei vakraste utsynsstader ein har her i bygda. Derifrå har ein fritt utsyn over fjell og dalar - skog, ås og li - heilt til fjorden. Ofte kan ein her ved høysumarstid sjå fager solnedgang attom høgfjella i nord. Det er mest ein skulle tru at ein var tett oppunder Polarsirkelen, for sola er gjømt attom fjella berre ei stutt tid før ho kjem oppatt til ein ny dag og sender sitt gulraue skjær over vakre panorama av åser og fjell.

At her har vorte ein mykje søkt utfluktsstad gjennom tidene, kan ein sjå av alle namna som er rita i fjellet rundt ikring - namna åt folk som for lenge sia er gått i sin grav.

Dei har truleg sete der oppe på toppen i vakre sumarkvelder og note det fagre utsynet og gledd seg over naturen, og så har dei rita namna sin i stein til minne for slekter som etter kjem.

Eldre folk kan fortelja at det ofte var stemner og samankomer på Våttåkammen i gamle dagar. Både St. Hanskveld og pinstikveld samlast ungdomen her og brente bål. Da var kaffekjelen med, og det var song og leik og fest over samkomne.

I 1895 vart det skipa avhaldslag på Løkken og ymse stader i bygda. Disse laga hadde sitt første friluftsstemne på Våttåkammen og da med foredrag av lærar Sivert Bogevoll. Kring århundreskiftet hadde dei same laga stemne her, og denne kvelden med song og tale av den kjente A. O. Svorkmo. I dei seinere åra har Våttåkammen vore mindre nytta som stemnestad, men det har vanka mykje folk her oppe både sumar og vinter, og det har ofte vore snakka mann og man i millom om at det burde ha vore gjort noko for å markera den gamle vetestaden.

Ein sumarkveld i 1911 satt tri unge karar på svaberget der oppe og såg sola seig bak åsen ned. Det vart den gongen snakka om mangt og mykje - millom anna at dette at det skulle vore reist eit minnesmerke på den gamle veteplassen. Diverre vart det berre med planar og snakk den gonger

Fortsetter neste lørdag.

 

 

Årbok 51, 2010. Meldal  Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer