Nærlys på 1814 (del 3)

 

17. mai - vi har lov å koste på oss ei t riktig stolt minne frå denne tida:


02.05.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Det første 17. mai-toget som bar preg av folkefest, vart arrangert i vårt nærområde, nemlig Trondheim i 1827. Om dette skriv Karsten Alnæs i "Historien om Norge": 

"Den 17. mai 1827 våkner folk i Trondheim ved at kanonene fra Kristiansten festning og fra Ila fyrer av den ene salven etter den andre. Samtidig feier tonene fra et hornorkester optimistisk gjennom morgenen. Og når folk stikker hodet ut av vinduene, ser de at skutene langs Nidelven og ute på Øra har heist det rødt-hvitt-blåe flagget… Det kribler i magen til hundrevis av trondhjemmere. I ukevis har syersker og malere arbeidet med fanene. Det har vært et strev og et liv utover kveldene. Håndverksmesterne, svennene og lærlingene har skutt sammen penger. Mødrene har sydd hvite kjoler til døtrene. I klubbene i byen har man dekket bord, pyntet og gjort i stand til ball. - Hva er ikke dette for en dag!" 

Dette var den første skikkelige 17. mai-feiringa i landet. Tidlegare hadde dagen vore fleire stader, men berre med små samankomster for vener og slektningar. Kanskje var folk redde for å provosere Karl Johan, som stadig prøvde å tøye vetoretten sin, og også var sterkt i mot all slags markering av 17. mai. På Stiftsgården satt generalmajor Birch som ein kongetru og lojal vaktmann. Skulle dei våge å gå dit?

Folketoget i Trondheim går fra Ilevollane til Torget. Fremst i toget er eit banner der den norrøne guden Tor er måla, og bakerst kjører vognmennene i byen, med stivpynta hestar. Og så, heilt til slutt, handverksmeistrane med eit banner som viser gudinne Nora, inkarnasjonen av fedrelandet. Ho blir vakta av Den Norske Løve, og held Grunnlova i handa.

På Torget er det korte appellar av stiftsamtmann og borgarmeister. Så går toget ein sving langs Nidelva til tonar av bl. a. "Sønner av Norge", som var den tids nasjonalsang, og blir avslutta ved Stiftsgården. Og sanneleg: Utpå kvelden kjem generalmajoren sjøl og deltar i festen!

Det var stil over den første 17. mai-feiringa. 

 

Tilbakeblikket på 1814 starta eg med å peike på den dominans som embetsmennene hadde på Eidsvoll

Dei var ei lita gruppe i folket, visstnok berre eit par tusen sjeler. Det var mangel på demokratisk balanse i den forsamlinga. Men var no dette så gale?

I mi skoletid var prins Kristian Fredrik den store helten. Han var vital og handlekraftig, og tala varmt for eit fritt og sjølstendig Norge. Han reiv med seg "bonde-sjiktet" på Eidsvoll, og fekk med seg mange av embetsmennene og andre. Men prinsen var aller mest ein strategisk meister, og dessuten seg sjøl nærmast. Vi veit i ettertid at dersom han hadde fått halde fast på valget til norsk konge, ville vi truleg vore tilbake i dobbeltmonarkiet med Danmark allerede i 1839. For da vert det kongeskifte i Danmark. Men "unionen"ville vera noko anna enn før, for kongen ville truleg respektere Grunnlova frå Eidsvoll. - Vi får medgi at det serleg var menn frå "eliten"som heldt hodet kaldt, slike som Hermann Wedel Jarlsberg og Wilhelm Koren Christie. Oppgaven var ikkje berre lausriving frå Danmark, men også ei leveleg ordning med Sverige, som vi no skulle dele konge med.

Det må kunne seiast at enkelte punkt som "bonde-sjiktet" fikk inn i Grunnlova, var lite til heder. Det gjeld f. eks. jødeparagrafen, der Theis Lundegaard frå Lyngdal snudde stemninga i gal retning. Men bøndene oppnådde og mye: Mellom 30 og 40 prosent av alle norske menn over 25 år fekk stemmerett, ved at alle med fast eiendom (også handelsmenn og handverkar) fekk rett til å stemme ved stortingsvalg. For modernæringa hadde det og nye å seie at odelsretten fekk varig vern i Grunnlova. Dermed unngikk ein framleis at gardane vart vanleg handelsvare.

Kanskje var det litt "hestehandel" ute og gjekk iblant. Embetsmennene oppnådde det utrulege at dei vart "uoppsigelige" i stilling og embete i lang tid etter 1814. Men i det store og heile utgjorde nok nettopp dette skiktet både kløkt og statmannskunst som kom godt med, både på Eidsvoll og i dei nappetak med svenskekongen som meldte seg i tida framover.

 

Sommaren 1814 var vi ei hårsbredd frå å koma i krig med broderfolket.

Svenskane sto ved Glomma, og det var berre det faktum at det sto sindige styresmenn på begge sider som hindra ei ulykke. Også ungdomar frå vårt dalføre var kalla ut til strid, og vi hugsar vel kaptein Dreier på stubben. I denne situasjonen var det svenskeprinsen Karl Johan viste seg klok og romsleg, og ga nordmennene eit tilbod som både godkjente Grunnlova og sikra freden. Vilkåret for at Kristian Fredrik ga avkall på den norske trona.

 

Viktige kjelder: Karsten Alnæs: Historien om Norge, bind III. Gyldendal 1998 Trondheim byhistorie, bind III. F. Bruns forlag 1955 Trondhjems Adressecontoirs Efterretninger, årg. 1814.

 

Av Knut Svinsaas Loe 

Les også  Husmannsguten som vart Eidsvollsmann

Årbok 2014

55. i rekka

Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer